Lærar restaurant og matfag. Spesialpedagog.
- Arbeidsgiver
- Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Lærar restaurant og matfag. Spesialpedagog.
- Frist
- 08.06.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter lærar med spesialpedagogikk på restaurant og matfag i Skogsvåg.
Arbeidsoppgåver
Praktisk og teoretisk undervisning innan fagområdet restaurant- og matfag i tilrettelagte grupper.Undervisning på vaksenopplæring, kurs eller undervisning i Vg1 eller Vg2 innan RM kan òg bli aktuelt.
Tett oppfølging av einskilde elevar og samarbeidsbedrifter.
Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
Halde seg informert om utviklinga i bransjen, samt ha god kontakt med bedrifter.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få ein god overgang til arbeid og kunne meistre livet som vaksen.
Kvalifikasjonar
Ønskeleg med fagbrev som kokk eller eit av dei andre faga på programområdet, men ikkje eit krav.Spesialpedagogikk.
Yrkeserfaring frå restaurant- og matfag.
2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.
Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.Du har stort engasjement for faget og for at elevane skal lykkast med opplæringa.
Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever, kollega og andre samarbeidspartar.
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk,
- Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Kari Lund Birkeland
- Stillingstittel
- avdelingsleiar
- Telefon
- 958 19 943
- Kontaktperson
- Erik Henneli
- Stillingstittel
- Assisterande rektor
- Telefon
- 958 26 077
- Kontaktperson
- Olav Lee
- Stillingstittel
- rektor
- Telefon
- 930 34 370