Lærar helse og oppvekstfag
- Arbeidsgiver
- Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Lærar helse og oppvekstfag
- Frist
- 08.06.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter lærar i helse og oppvekstfag frå 1.august.
Arbeidsoppgåver
Praktisk og teoretisk undervisning innan fagområdet helse og oppvekstfag Vg1, Vg2, Vg3.Undervisning på vaksenopplæring, kurs eller undervisning i tilrettelagte grupper kan òg bli aktuelt.
Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
Halde seg informert om utvikling i bransjen, samt ha god kontakt med bedrifter.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.
For skuleåret 2023 / 2024 blir det undervisning og oppfølging av elevar på vg3 i skule, samt Vg1 og Vg2.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeidar / barne og ungdomsarbeidar eller utdanning som sjukepleiar / barnehagelærar.
Yrkeserfaring frå helsesektoren eller oppvekstsektoren.
2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning, godkjent yrkesfaglærarutdanning, eventuelt sjukepleiar og PPU-Y.
Undervisningserfaring.
Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.Du har stort engasjement for faget.
Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever, kollega og andre samarbeidspartar.
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Erik Henneli
- Stillingstittel
- Assisterande rektor
- Telefon
- 958 26 077
- Kontaktperson
- Olav Lee
- Stillingstittel
- rektor
- Telefon
- 930 34 370