Utløpt

Kontraktsforvaltar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Spesialkonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar
Frist
11.06.2023
Ansettelsesform
Fast

Vil du bidra til å betre kvaliteten i Skyss sine mobilitetstenester? Skyss jobbar aktivt med å tilby våre kundar kvalitet i reiser med buss, bybane, båt og ferje i Vestland, og tenestene vert utført av operatørselskap som Skyss har avtale med. Kontraktavdelinga i Skyss har livssyklusansvar for alle transportkontraktar i Skyss, og dermed ansvar for førebuing av anskaffingar, gjennomføring av anskaffingar og dagleg oppfølging av inngåtte kontraktar.

Vi skal no rekruttere kontraktsforvaltar, som vil ha hovudfokus på å følgje opp alle dei ni ferjekontraktane i Vestland og dei seks leverandørane av desse. Kontraktane har til saman ein årleg verdi på over ein milliard NOK.

Arbeidsstad for stillinga er Bergen, Førde eller Leikanger

Vår nye kontraktsforvaltar skal følgje opp den totale leveransen i ferjekontraktane i Skyss og andre kontraktar etter behov. Ein skal fasilitere operatørkontakt, bidra i anskaffingsprosess for transportkontraktane og sikre implementering av nye transportkontraktar. I tillegg har stillinga ansvar for å aktivt auka kvalitet og miljø i leveransen gjennom utvikling, dialog og bruk av relevante kontraktmekanismar (bonusordningar, sanksjonar mv.).

Du skal arbeide aktivt med leverandørutvikling gjennom å koordinere tilbakemeldingar som kan styrke operatørane sine leveransar. Ein skal stimulere til ein god leverandørmarknad, og sikre og utvikle ei god plattform for strategisk samarbeid med våre operatørar. I tillegg skal ein inneha og forvalte kunnskap om aktuelt transportmateriell, være fleksibel og støtte organisasjonen i det behovet som til ein kvar tid skulle eksistere, og ha eit aktivt forhold til verdiane våre – kompetent, open og modig.

Vi søkjer deg med høgare, relevant utdanning – fortrinnsvis på masternivå og minimum på bachelornivå – som kan vise til gode resultat i utdanning og arbeid. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå kontraktarbeid og oppfølging av leverandørar. Det vil vidare bli vektlagt om du har relevant erfaring frå transportnæringa generelt og ferjenæringa spesifikt. Vidare er det ein fordel om du har erfaring frå prosjektarbeid og har driv for digitalisering
Det er viktig at du har evne til å omsette strategiske mål i konkrete resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må ha sterk formidlingsevne, skriftleg og munnleg, og aktivt bruke dine gode relasjonelle eigenskapar til å bygge langsiktige, positive prosessar og samarbeid - både eksternt og internt. I tillegg må du være open, fleksibel og engasjert, og aktivt dele og utvikle din kunnskap saman med andre. Du må møte krevjande situasjonar med godt pågangsmot, og stå stødig i hektiske periodar.

Vi tilbyr ei fagleg utfordrande og spennande stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling. I tillegg tilbyr vi

  • fleksibel arbeidstidsordning
  • løn etter avtale og
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår gjennom Vestland fylkeskommune

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offntleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp å offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Om Skyss


Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.


Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.


Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.


Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Sektor
Offentlig
Sted
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6800 Førde
  • 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

kontraktsoppfølging,, kollektivtransport,, ferje

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karl Inge Nygård
Stillingstittel
leiar
Telefon
93 08 89 71
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 304756367
Sist endret 26. mai 2023 15:38

Rapporter annonse