Utløpt

Apotekteknikar

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Apotekteknikar
Frist
11.06.2023
Ansettelsesform
Fast

Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.

Sjukehusapoteket i Førde lever legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Førde HF. Frå 1.1.2023 levèr vi og farmasifaglege tenester til kommunar i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.
Sjukehusapoteket har fire avdelingar: publikumsapotek, produksjonsavdeling, sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytiske tenester (AFT).
Vi søkjer nå etter ein apotekteknikar i 100% fast stilling, stillinga er i utgongspunktet plassert i publikumsavdelinga.

I Sjukehusapoteka er vi opptatt av fagleg utvikling og samhandling tvers av fagmiljøa. Fleire av våre apotekteknikarar jobbar i to avdelingar og den rette kandidaten må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevnar og eit ynskje om å bidra til eit positivt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Har du i tillegg interesse for IKT og eit ønskje om å jobba med utvikling og implementering av vårt nye butikkdatasystem er det ein fordel.
Kva avdeling ein startar i kjem an på tidligare erfaring, ei heilskapleg vurdering for apoteket og kva ein er personleg eigna for.

Førde ligg vakkert til ved utløpet av Jølstraelva og har omlag 10500 innbyggjarar. Byen og Sunnfjord kommune har fleire tilflyttarar og satser på sosiale og kulturelle arrangement. Førde byr på den typiske Vestlandsnaturen med flotte fjell og fjordar og berre ein kort kjøretur unna når du Sunnmørsalpane. Byen har også eigne aktivitetstilbod til dei under 40 år så vel som dei over.
Ved høve kan Sjukehusapoteket vera behjelpelig med å skaffa bolig.

Med ønskje om å utjevne kjønnsbalansen i apoteket og avdelinga oppmodar vi menn til å søkje stillinga.

Vi i Sjukehusapoteket i Førde gler oss over eit spennande år. I 2023 starter vi med farmasøytisk rådgivingsteneste i omkringliggende kommunar, vi skal flytte til nye lokaler i sjukehuset og vi skal innføre nytt reseptur- og butikkdatasystem (Orion).

Vil du bli med oss på laget?

Arbeidsoppgåver

  • Sal av legemiddel og andre apotekvarer i reseptur og sjølvval.
  • Kunderettleiing
  • Varehandtering
  • Andre oppgåver kan tilfalle ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som apotekteknikar.
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Gode IKT-kunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og delar din kunnskap med kollegar.
  • Du er positiv og serviceinnstilt.
  • Du er opptatt av og leverar kvalitet i arbeidet.
  • Du tek ansvar for eige arbeid og samhandlar godt med andre.
  • Du trivs i eit hektisk miljø og taklar stressande perioder.
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
  • Naudsynt opplæring.
  • Varierte arbeidsoppgåver.
  • Godt arbeidsmiljø i stadig utvikling.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 



Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

apotek, legemiddel, farmasi, sjukehusapotek, apotektekniker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunvor Steine Tufte
Stillingstittel
Sjukehusapoteker
Telefon
41 43 69 75
Følg firma
194 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 304747258
Sist endret 26. mai 2023 14:25

Rapporter annonse