Utløpt

Kvalitetsleiar blodbank

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Kvalitetsleiar blodbank
Frist
15.06.2023
Ansettelsesform
Fast

LMBB har ledig 100% stilling som kvalitetsleiar for blodbanken. Oppstart 01.08.2023, eller etter avtale.

Blodbanken i Helse Førde er organisert i fellesavdeling med medisinsk biokjemi. Det er ei avdeling på tvers av sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid. I tillegg er der ein tappestasjon i Florø.

Stillinga som kvalitetsleiar er organisert i stab til avdelingssjef. Personalet i avdelinga har høg kompetanse og består i hovudsak av bioingeniørar, men og av helsesekretærar, overlegar og sjukepleiar. Avdelinga har i dag eit godt kvalitetsstyringssystem og tilhøyrande kompetanse, og har eit mål om å søkje akkreditering for våre tenester innan 2025.

Den som blir tilsett får ansvar for å samordne kvalitetsstyringsystemet for all transfusjonsverksemd i Helse Førde. Hovudarbeidsplassen vil vere ved Førde sentralsjukehus, og det må påreknast noko reiseverksemd til dei andre blodbankeiningane.

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle og vedlikehalde kvalitetsstyringssystemet
  • Prosedyregodkjenning
  • Delta i og gjennomføre interne revisjonar
  • Støtte leiarar og fagleiarar i kvalitets- og forbetringsarbeid
  • Opplæring og undervisning
  • Delta i rutinearbeid for å halde seg oppdatert på prosedyrer og rutiner

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør
  • Erfaring innan transfusjonsmedisin er ein fordel
  • Erfaring frå kvalitetsarbeid, sertifisering, akkreditering og/eller revisjon er ein fordel
  • Gode IT-kunnskaper
  • Kunne uttrykke seg godt på norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Interesse for kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Engasjert og målretta
  • Må trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høve til opplæring og kompetanseutvikling
  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldane overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 


Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør

Nøkkelord

Bioingeniør, blodbank, kvalitetsleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Robin-Andre Sørland
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
91 82 51 48
Følg firma
68 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 304740623
Sist endret 26. mai 2023 13:35

Rapporter annonse