Utløpt

Spesialsjukepleiar i poliklinikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar i poliklinikk
Frist
07.06.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin (AFR) sin poliklinikk i Kanalveien opprettar ei ny dagtidsstilling for spesialsjukepleiar. Innhaldet i stillinga er under utvikling, men hovudfokus vil vere å samarbeide tett med legane for å understøtte og avlaste deira arbeid. Det er både mogleg og ønskeleg at ein er med på å utforme sin eigen arbeidskvardag. Stillinga er i hovudsak plassert i Kanalveien, men poliklinikken flyttar i 2024 til nye lokale i Bergen sentrum. Det vil også vere aktuelt med arbeid ved andre seksjonar i avdelinga.

Poliklinikken held til i moderne lokale i Kanalveien 5. I poliklinikken er det 41 tilsette, derav 13 psykologar, av desse pt 9 spesialistar i klinisk psykologi. Den tverrfaglege bemanninga består av lege, sosionomar, vernepleiarar og musikkterapeut, samt to merkantilt tilsette.

Avdeling for rusmedisin har om lag 570 medarbeidarar fordelt over fleire poliklinikkar og døgnseksjonar. Det vil i dei neste åra gå føre seg spennande utvikling knytta til differensiering av tenester og forsking. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege team, og det er godt lagt til rette for samarbeid og drøftingar. I avdelinga er det faste fag- og forskingsdagar. Avdelinga legg til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.

Poliklinikken gjev tilbod til pasientar med rusmiddelproblem frå 15 år og oppover. Poliklinikken har fast samarbeid med "Jobb Først"-konsulentar (IPS) som er knytt opp til AFR og til poliklinikken.

Stillinga er ledig frå 1. september 2023, og tiltreding etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå lege i ADHD-oppfølging
  • Bistå lege med medikamentoppfølging
  • EKG og andre kliniske undersøkingar
  • Livsstilsrettleiing
  • Prøvetaking og oppfølging av prøvesvar
  • HLR-opplæring
  • Undervisning
  • Delta i relevante forum med legegruppa i avdelinga, samt sjukepleier ved Murhjørnet
  • Andre medisinfaglege oppgåver i samarbeid med lege

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleier med vidareutdanning innan rus/psykiatri eller annan relevant vidareutdanning
  • Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern, gjerne også med ADHD, vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er personleg eigna til stillinga
  • Du er fleksibel og initiativrik
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar

Vi tilbyr

  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå og engasjement
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Kanalveien 5, 5068 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Sykepleier

Nøkkelord

Spesialsykepleier,, spesialsjukepleiar,, rus,, psykiatri,, poliklinikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erlend Wittrup Djup
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
90 02 78 83
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Kanalveien 5, 5068 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 304455422
Sist endret 24. mai 2023 09:21

Rapporter annonse