Kunderådgjevar bedrift Sogn

Arbeidsgiver
Sogn Sparebank
Stillingstittel
Kunderådgjevar bedrift Sogn
Frist
18.06.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med EIKA GRUPPEN

Sogn Sparebank søkjer kunderådgjevarar på bedriftsmarknaden ved eit av kontora våre i Sogn. Kunderådgjevar på bedrift arbeider mot kundar i heile nedslagsfeltet til banken som vil innebere noko reiseaktivitet. 

Dette vert dine viktigaste arbeidsoppgåver:

  • Behovsretta og heilskapleg rådgjeving innan bank, forsikring, sparing og plassering 
  • Aktivt bidra til kryssal bank/forsikring/eigedomsmekling
  • Kundeoppfølging og utvikling av eigen portefølje
  • Aktivt skaffe nye kundar

Du har følgjande kvalifikasjonar 
  • Du har relevant utdanning innan økonomi, men erfaring og god realkompetanse kan kompensere for manglande formell kompetanse
  • Det er ein fordel om du har relevante autorisasjonar 

Personlege eigenskapar 
  • Sjølvstendig, men samstundes ein medspelar som er oppteken av å spele andre på laget gode.
  • Salsorientert og offensiv, med eit ynskje om å prestere for å løfte banken sitt resultat
  • Kundefokusert, og ser verdien av å skape dei beste kundeopplevingane
  • God på å lytte og forstå kunden sine behov for å kome fram til den beste løysinga for kvar kunde
  • Tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny kompetanse
  • Analytisk med forståing for rekneskap 



Om arbeidsgiveren

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.

Sogn Sparebank har eit stort mangfald av produkt innan forsikring, kreditt, sparing og økonomisk rådgjeving som blir gjeve tilbod om så vel private kundar som til bedrifter. Sparebanken og Eika arbeider heile tida med å utvikle produkta våre og tilpassar tenestene våre etter kundane sine behov.

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
6856 Sogndal
Flere arbeidssteder
5745 Aurland,
6893 Vik i Sogn,
6887 Lærdal
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Rådgivning
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

bank, næring, relasjonsbygging, nettverk, salg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingeborg Indrelid
Stillingstittel
Leiar Stab
Telefon
472 44 089
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Alexander Dvergsdal
Stillingstittel
Leiar privat og bedrift
Telefon
468 64 434
Nettverk
LinkedIn
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
801 følger dette firmaet

6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 304328869
Sist endret 23. mai 2023 15:38

Rapporter annonse