Samfunnsutviklar - Skogbruk - ett års vikariat
- Arbeidsgiver
- Hjartdal kommune
- Stillingstittel
- Samfunnsutviklar - Skogbruk - ett års vikariat
- Frist
- 04.06.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Er du vår nye medarbeidar i avdeling for samfunnsutvikling?
Er du ein som er strukturert og tydeleg? Ein som likar å ta ansvar og prate med andre?
Svarte du ja til dette, er kanskje du vår nye samfunnsutviklar på skogbruk?
Det er bra med erfaring, men du kan og ha andre kvalifikasjonar som gjer at du passar inn hos oss.
Da tilbyr vi deg ett års vikariat som samfunnsutviklar - skogbruk. Stillinga er i utgangspunktet ein 100% stilling, men lågare stillingsprosent kan vurderast. Saman med kollegaene dine jobbar du med saker som betyr mykje for Hjartdal sine innbyggjarar, hytteeigarar og besøkande. Dette gjeld oppgåver innan:
- Jordbruk- og skogbruksforvaltning
- Plan og byggsakshandsaming
- Drift og utbygging
- Næring og busetting
Dette tilbyr vi deg!
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stor takhøgde
Vi er ei lita avdeling, men det er til vår fordel! Vegen mellom kontora er kort, og terskelen er låg for å spørje kvarandre. Vi er ei eining som samarbeider for å drive den beste utviklinga i kommunen. Vi håper du vil vere med å bidra til vårt gode arbeidsmiljø.
Arbeidskvardag med utfordringar og samarbeid.
Som samfunnsutviklar skogbruk vil du få varierte oppgåver i ein stilling som innehar stor grad av sjølstendighet. Du får løyse utfordringar og har ein aktiv dialog med innbyggjarar og aktørar i bransjen. Som medlem i Kongsbergregionen vil du samarbeide med dei andre kommunane her.
Dine oppgåver vil blant anna vere:
Saksbehandling etter landbrukslovverket og viltlova
Skogfonds- og tilskotsforvaltning
Drift av kommuneskogen
Viltforvaltning og leiing av ettersøkskorps
Samarbeide med skogbruks- og utmarkslag
Veiledning innan skogbruk, vilt og anna naturforvaltning
Prosjektleiing og prosjektarbeid, ein sentral rolle når vi skal rullere kommuneplanens arealdel hausten 2023
Utviklingsoppgåver innan skogbruk, klima og miljø, ofte i samarbeid med andre verksemder og landbruksnæringa
Konkurransedyktige ordningar for deg som tilsett
- Medlemskap i KLP som gir rimeleg lån og god pensjonsordning.
- Fleksibel arbeidstidsordning.
- Løn etter avtale.
- Lågare stillingsprosent vil kunne vurderes for å evt. tilpasse søkjers behov
Er dette deg?
Vi trur du:
Er engasjert og triveleg
- Du engasjerer deg for menneskje og samfunnet.
- Du likar å samarbeide med andre for å komme til gode avgjersler.
- Du sett pris på god service, og yter gjerne det lille ekstra!
Kan kommunisere godt
- Du snakkar og skriv godt norsk.
Du har auge for detaljar
- Du gjer arbeidet ditt nøye og leverer på tid.
- Du kan sette deg i inn i ulike dataverktøy.
Dette er dine kvalifikasjonar
- Du har relevant skogbruksutdanning frå høgskule eller universitet på bachelornivå eller masternivå.
- For søkere med høg realkompetanse vil krav til formell utdanning kunne vurderast.
- Dersom du har relevant erfaring frå liknande arbeid i offentleg eller privat verksemd vil det bli vektlagt, men det er ikkje eit krav.
- Erfaring med bruk av GIS-verktøy er ein fordel, men ikkje eit krav
- Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
- Arbeidsoppgåvene tilsier at du må ha sertifkat klasse B.
Vil du jobbe med oss?
Nå manglar det berre å sende ein søknad og CV. Den sender du elektronisk via valet SØK HER.
Har du spørsmål? Vi svarar deg gjerne på det du lurer på! Kontakt samfunnsutviklar skog Hans Jørgen Aase eller kommunalsjef Samfunnsutviklingsavdeling, Tor Arne Hellkås på:
- E-post:
- Mobil: 95170096
- E-post:
- Mobil: 95233302
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Om arbeidsgiveren
Velkommen til Hjartdal det nære alternativet.Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Med Notodden i øst, Seljord i sør og Tinn i nord, er du kort veg unna nye opplevingar. I kommunen skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i og bli gammal i.Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen: https://www.kongsbergregionen.no/
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Saulandsvegen 414, 3692 Sauland
- Bransje
- Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon
- Annet
Nøkkelord
skogbruk, landbruk, samfunnsutvikler
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Tor Arne Hellkås
- Telefon
- 958 33 289
Saulandsvegen 414, 3692 Sauland