Utløpt

Fagradiograf CT

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Fagradiograf CT
Frist
11.06.2023
Ansettelsesform
Fast

Er du fagleg engasjert og interessert i CT, samt opptatt av kvalitet og utvikling? Ønskjer du å bidra til å vidareutvikle CT tilbodet i seksjonen?
Ønskjer du fast jobb midt i flott vestlandsnatur med kort veg til fjell og hav, og på same tid ha tilgang på kafear, konsertar og butikkar?

  • Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som Fagradiograf CT

Stillinga er ei dagstilling (37,5 t/veke). Det ligg ikkje personalansvar knytt til stillinga.

Radiologisk seksjon, Førde sentralsjukehus har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner (1 stk. GE Revolution EVO og 1 stk. Toshiba Aquillion CX) , 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat.

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .

Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her er flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter.

Vi ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undersøkingar
  • Samarbeide med andre einingar og profesjonar
  • Utarbeide, tilpasse, optimalisere og revidere protokollar, prosedyrer, retningslinjer, informasjon m.m. innan CT
  • Gjennomføre undervisning og rettleie personale
  • Ta del ved innkjøp av utstyr, ha kontakt med levrandørar og medisinteknisk avdeling
  • Kvalitets- og utviklingsarbeid innanfor alle aspekt av fagfeltet CT

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Meistre norsk godt både skrifteleg og munnleg. Det er ønskjeleg med evne til god skriftleg framstilling på nynorsk
  • Minimum 3 års erfaring frå arbeid med CT
  • Utvida kompetanse og erfaring innan CT
  • Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid.
  • Det er ønskjeleg at søkjar har vidareutdanning innan CT. Ev. må søkjar forplikte seg til å gjennomføre denne etter tilsetjing.
  • God kunnskap i bruk av Office

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert og interessert
  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Initiativrik og handlekraftig
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Arbeider godt i team
  • Fleksibel

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hyggeleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utfordring og utvikling
  • Tilpassa opplæring
  • Arbeid i IA-bedrift

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 


Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Svanahuagvegen 7, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Radiograf

Nøkkelord

radiograf, fagradiograf, CT, Førde

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Reidun Brekke
Stillingstittel
Seksjonsleiar FSS
Telefon
57 83 96 16
Følg firma
67 følger dette firmaet

Svanahuagvegen 7, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 303304251
Sist endret 15. mai 2023 15:38

Rapporter annonse