Utløpt

Ledig stilling som avdelingsleiar samling

Arbeidsgiver
KRAFTMUSEET
Stillingstittel
Avdelingsleder
Frist
01.02.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med KRAFTMUSEET

Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum som ligg i vakre Hardanger, med om lag 19 fast tilsette. Museet formidlar framveksten av industrisamfunnet på byrjinga av 1900-talet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Det mest kjente bygget vårt er den freda kraftstasjonen Tysso I. Besøkstala våre er stigande, og ligg på nærare 30 000 besøkande i året. Vi forvaltar om lag 25 bygg og ulike publikumsarenaer i Tyssedal og Odda, og har utvikla eit Industriarkiv som tek vare på viktige privatarkiv frå industri og lagsliv.  

 

Vi har ledig stilling som avdelingsleiar samling, og søkjer etter ein dugande, systematisk og strukturert person som vil vere avdelingsleiar for samlingsavdelinga hos oss. Samlingane våre omfattar kulturhistoriske gjenstandar, foto, arkiv, boksamling, film- og lydopptak, med meir. Forvaltinga av dette materialet ligg til samlingsavdelinga. Du vil få personalansvar for p.t. 5 dedikerte tilsette i avdelinga med ulike oppgåver, og du vil stå i spissen for å drifte og vidareutvikle Industriarkivet og museet si samling av lags- og organisasjonsarkiv.  

Kraftmuseet har i 2023 utarbeidd ny samlingsplan, og vi gler oss til å få inn ny avdelingsleiar for iverksetjing av tiltaka i planen. Som avdelingsleiar vil du vere ein del av leiargruppa ved museet, som i tillegg til deg består av avdelingsleiarar for administrasjon, formidling, bygg/anlegg og direktør. Leiargruppa arbeider tett og konstruktivt med den overordna utviklinga av museet, i tråd med styrevedtak og sentrale plan- og styringsdokument i organisasjonen.  

  

Oppgåver som høyrer til stillinga: 

- Dagleg oppfølging av samlingsavdelinga, 

- Innsamling, ordning og registrering av gjenstandar, foto og privatarkiv, 

- Ta del i fagnettverk for privatarkiv, 

- Statistikk og rapportering, 

- Støttefunksjon i formidlings- og utstillingsarbeidet ved museet, 

- Tilrettelegging for forsking og tekstproduksjon,  

- Ansvar for museet sitt fagbibliotek, 

- Anna som naturleg ligg til stillinga.  


Museet nyttar fagsystema ASTA, Primus og DAMS. Søkjar bør ha gode IKT-kunnskapar og erfaring med bruk av nynorsk som arbeidsspråk. Du treng førarkort klasse B, sidan museet har hovudkontor i Tyssedal og Industriarkiv i Odda.  

Det er ynskjeleg at søkjar har leiarerfaring og samlings- og/eller arkivfagleg bakgrunn, minimum mastergrad med relevant fagkrins. Anna fagbakgrunn kan óg vurderast. Det vert lagt stor vekt på gode samarbeidsevner, ei praktisk tilnærming og relevant, men gjerne allsidig, praksis. 

Som avdelingsleiar ved museet vil du nyte stor tillit og fridom til å utvikle samlingsavdelinga og til å organisere arbeidet ditt.  

Stillinga er fast og 100 %. Løn etter avtale og ordna pensjonsvilkår p.t. gjennom KLP.  

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar vert å sende innan 01.02.2024 til post@kraftmuseet.no  

Oppstart etter avtale, stillinga står klar til deg.   

Velkomen til ein spanande arbeidsplass!  

 

Kontaktinformasjon:  

Direktør Liv Eirill Evensen, evensen@kraftmuseet.no       

Tlf. 951 35 798.  

 

Sjå elles: www.kraftmuseet.no  

Om arbeidsgiveren

Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum som ligg i vakre Hardanger, med om lag 20 fast tilsette. Museet formidlar framveksten av industrisamfunnet på byrjinga av 1900-talet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Det mest kjente bygget vårt er den freda kraftstasjonen Tysso I. Besøkstala våre er stigande, og ligg på nærare 30 000 besøkande i året. Vi forvaltar om lag 25 bygg og ulike publikumsarenaer i Tyssedal og Odda, og har utvikla eit Industriarkiv som tek vare på viktige privatarkiv frå industri og lagsliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Arkiv og bibliotek,
Kraft og energi,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Dokumentasjon,
Annet
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

ledelse, arkiv, museum, kulturarv, kulturhistorie

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Eirill Evensen
Stillingstittel
Direktør
Telefon
95 13 57 98
Følg firma
17 følger dette firmaet

Naustbakken 7, 5770 Tyssedal

Annonseinformasjon

FINN-kode 303263851
Sist endret 14. feb. 2024 13:28

Rapporter annonse