Utløpt

Vil du jobbe nasjonalt med stiftelsar og kunnskap?

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar
Frist
11.06.2023
Ansettelsesform
Fast

Stiftelsestilsynet er eit nasjonalt tilsynsorgan som held til i Førde i Vestland. Hos oss jobbar det 16 engasjerte og motiverte personar. Vi har ei fin samansetning av juristar, samfunnsvitarar og økonomar som jobbar tett saman.

Vi fører kontroll med norske stiftelsar. Gjennom vår kontakt med stiftelsar, samt data som ellers er tilgjengeleg, utviklar og formidlar vi kunnskap til stiftelsane og samfunnet ellers. Dette er førebyggande og bidrar til at dei kan styrke sin innsats for formålet. Sakene vi behandla reiser spennande og kompliserte rettsspørsmål, på lovområde som er under utvikling. Kunnskap om organisasjonsforma og stiftelsar er lav og du blir viktig i arbeidet med å gjere stiftelsesområdet meir kjent.

No er vi på jakt etter ein person som kan hjelpe oss med dette viktige arbeidet. Kanskje det er deg?

Høyrest dette interessant ut? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, vi fortel gjerne meir om desse spennande arbeidsoppgåvene.

Arbeidsoppgåver

  • Statistikkarbeid, analyse og utgreiing på stiftelsesområdet.
  • Kunnskapsbygging og formidling.
  • Rettleiing og dialog med brukarar, samfunn og media.
  • Samarbeid med samarbeidspartnarar og interessentar.
  • Vere med å utvikle fagområdet.
  • Førebyggande arbeid.
  • Delta i anna arbeid ved avdelinga etter behov.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på masternivå.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

I tillegg er det ein fordel med

  • Kjennskap til og forståelse for førebyggande tilsynsarbeid.
  • Erfaring frå og interesse for brukarorientert design.
  • Erfaring frå prosjekt og prosessarbeid.
  • Erfaring frå informasjonsarbeid og formidling av komplekse saksområder.
  • Erfaring med kunnskapsbygging, forsking, statistikkarbeid.
  • Kjennskap til programvarer for databehandling.

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ, løyser problem og samarbeider godt med andre.
  • Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
  • Du er strukturert og analytisk.
  • Du er samfunnsengasjert og tenker heilskapleg.

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Fleksitid.
  • Moglegheit for heimekontor.
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn.
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag.
  • Gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår.
  • Betalt overtid.
  • Trening i arbeidstid.
  • Lunsjordning.
  • Sommartid.
  • Moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom.

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Om arbeidsgiveren

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som høyrer til i Førde i Sunnfjord.

På huset jobbar i overkant av 80 engasjerte kollegaer innan mange forskjellege fagfelt. Vi er éin samla arbeidsplass, men består av to tilsyn: Lotteritilsynet og Stiftelsestilsynet. 



Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske stiftelsar og norske pengespeltilbydarar driv i samsvar med lova. Og vi skal stenge dei ulovlege tilbydarane ute frå Norge. Dessutan forvaltar vi fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping. 



Resultatet av det vi gjer? Mindre negative konsekvensar for speleavhengige nordmenn, at glade barn kan trikse på fotballbaner, ete kiosk-vaflar og ha sosiale møteplassar. Stiftelsar som jobbar med formålet og gir tilbake til samfunnet i form av aktivitetar og økonomisk støtte. Og det er berre litt av det. Om vi har ein jobb med meining? Ja! 



Og dagens gladnyheit: Hos oss er det gode moglegheiter for jobb. Vi får stadig fleire arbeidsoppgåver og har dermed behov for folk. Så om du vil ha ein samfunnsnyttig arbeidsplass med kjekke kollegaer er det berre å ta kontakt. Om vi ikkje har ledig stilling ute akkurat no, vil vi oppmode deg om å gje oss ein lyd likevel. Kanskje det løyser seg? 😊 

 

Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Samfunnsviter,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Analyse

Nøkkelord

Analyse, formidling, statistikk, kunnskapsbygging, Sunnfjord

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siw Heggedal Longvastøl
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
90 07 49 74
Kontaktperson
May Helen Vik
Stillingstittel
seniorrådgivar
Telefon
90 64 90 03
Følg firma
37 følger dette firmaet

Storehagen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 302870036
Sist endret 30. mai 2023 11:30

Rapporter annonse