Rådgjevar veg - 100 % fast - Veg, samferdsel og VA
Eigdomdsforvaltning
- Frist 16.4.2023
Vil du jobbe med forvalting av veg i tenesteområdet Eigedomsforvaltning?
Kort om stillinga
Ved avdeling for Veg, samferdsle og VA har ein ledig rådgjevarstilling med fokus på forvaltning av veg.
Om Veg, samferdsle og VA
Tenesteområdet Eigdomdsforvaltning har ansvar for forvaltning av heile eigedomsmassen til Alver kommune, både bygningsmasse, areal, veg-, vatn-, og avløpsanlegg. Arbeidsstad er Rådhuset på Frekhaug. Her er vi ein del av eit bredt fagmiljø innan for feltet vårt.
Alver Kommune er ein stor kommune i utstrekning, 679 kvadratkilometer, og har difor eit omfattande distribusjonsnett for vatn og avløp. Over 100 tekniske anlegg, innafor vatn og avløp, reinseanlegg, pumpestasjoner, høgdebasseng osv. Kommunen er og vertskommune for mykje industri, med blant anna Equinor sitt raffineri og forsyningsbase på Mongstad.
Avdelinga forvaltar over 300 km med kommunal veg. Vegforvaltninga må ha eit utstrekt samarbeid på tvers i kommunen og har også mykje dialog med både Statens vegvesen og Vestland Fylkeskommune. Vi har kontakt med næringslivet, utbyggarar og private i samband med byggeprosjekt og utbetringar. Alver kommune har pågåande planarbeid knytt til trafikksikringsarbeid, oppfølging av private og offentlige planer, løpande vedlikehald av kommunal infrastruktur.
Avdelinga har ansvar for
- Strategi, planar, normer og rutiner for vegforvaltning
- Sakshandsaming knytt til private planar
- Prosjekt - mindre investeringar
- Oppfølging av kommunen sine overordna planar og strategiar
- Politiske saker orienteringar knytt til fagområde
Arbeidsoppgåver i stillinga
- Ansvar for framdrift og kvalitetssikring av utbyggingsprosessar
- Tekniske vurderingar og godkjenningar av planer som omhandlar veg
- Konstruktivt og tett samarbeid med interne og eksterne
- Ansvar for sakshandsaming og vedtak knytt til veg-faget
- Oppfølging og kontroll med utbyggingar både administrativt og ute på byggeplass
Ønskt kompetanse
- Ingeniørutdanning/ teknisk fagskule, relevant erfaring vil bli vektlagt, og kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med veg-tekniske løysingar i praksis
- Erfaring innan utbygging og planlegging av kommunal infrastruktur
- Oversikt over faget når det gjeld formelle krav til planlagte og utført arbeid
- Evne til å vurdere temaplanar, private utbyggingar og tekniske spørsmål frå innbyggjarar og næringsliv
- Gjerne juridisk kompetanse innanfor veg-faget
- Kjennskap til offentleg forvaltning
- Erfaring frå konsulent- eller entreprenørbransjen er positivt
- God kompetanse innan IKT
Personlege eigenskaper
- Du er engasjert og sjølvgåande
- Du er god til å kommunisere både skriftleg og munnleg
- Du har eit godt humør
- Du bidrar til godt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og på tvers av fagområde
Vi tilbyr
- Ein utviklande arbeidsplass i eit hektisk og godt arbeidsmiljø
- Du vil få fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Lønn etter avtale
- Tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Rådgivning, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Nøkkelord
ingeniør, veg, saksbehandling, fagskule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 295820316
- Sist endret