Forretnings- og samfunnsutvikler i Hardanger
- Arbeidsgiver
- NÆRINGSHAGEN I ULLENSVANG AS
- Stillingstittel
- Forretningsutvikler
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Vikariat
Næringshagen i Ullensvang AS (NIU) er i ein utviklingsprosess, og er på jakt etter deg med relevant utdanning og erfaring frå næringslivet.
Som forretningsutviklar i ein næringshage er du tett på lokale verksemder som rådgjevar. I tillegg vil du delta i ein rekkje samfunnsnyttige prosjekt. Dette er ein stilling for deg som vil ha en meiningsfull kvardag og bidra til veksten i næringslivet i Hardanger.
Næringshagen tilbyr Næringshageprogrammet i kommunen, du kan lese meir om programmet på Siva sine nettsider: https://siva.no/virkemidler/naeringshageprogrammet/
Arbeidsoppgåvene vert å rådgje verksemder i regionen for å bidra til vekst, styre eksterne og interne prosjekt, samt vere ein pådrivar for å etablere nye verdiskapande verksemder. Organisasjonen er ein pådrivar for auka samarbeid, og tek ein aktiv rolle i samfunnsutvikling lokalt og regionalt. I tillegg til forretningsutvikling er det prosjekt innan desentralisert utdanning, rekruttering og kompetanseheving i dag, men det kan koma ytterlegare arbeidsoppgåver f.eks. delprosjekt frå Grøn Region Vestland.
Me ser etter deg som:
- har høgare utdanning innan bedriftsleiing, økonomi, ingeniørfag, jus, it, e.l.
- har relevant praksis frå privat næringsliv som gjev truverdig rådgjeving
- har erfaring med å jobbe i prosjekt med fordel frå industri
- har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- har solid fagkompetanse og kan halde relevante kurs
- har førarkort og har eigen bil (det må påreknast litt reise)
- evnar å jobbe både sjølvstendig og i team
- er analytisk og har evne til å setje deg inn i strategiske utfordringar
- er personleg eigna for stillinga gjennom å vere god på relasjonar og service
Det er ein fordel om du i tillegg har kjennskap til utfordringar i næringslivet og potensiale i regionen.
Me tilbyr:
- lokalt utviklingsarbeid med nasjonalt nettverk
- stor fridom i eigen arbeidskvardag
- kontor i eit spanande fagmiljø i Odda
- personlege utviklingsmoglegheiter
- konkurransedyktig løn og tiltreding etter avtale
- 100 % fast stilling, men me kan vere fleksible på stillingsprosent ved behov.
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Christel Kvamme tlf: 45 47 90 95 eller christel @nhullensvang.no. CV og søknad kan sendes til post @nhullensvang.no
Om arbeidsgiverenNæringshagen skal vere ei drivkraft for nyskaping og vekst i regionen, vi engasjerer oss for at du skal lukkast. Organisasjonen driv med nærings- og samfunnsutvikling i Ullensvang og Hardanger.
Om arbeidsgiveren
Næringshagen skal vere ei drivkraft for nyskaping og vekst i regionen, vi engasjerer oss for at du skal lukkast. Organisasjonen driv med nærings- og samfunnsutvikling i Ullensvang og Hardanger.
Nøkkelord
forretningsutvikler, markedsstrategi, innsikt og analyse, samfunnsinnsikt, markedsføring
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Christel Kvamme
- Stillingstittel
- Daglig leiar
- Mobil
- 454 79 095
Smelteverket 57, 5750 Odda