Rådgjevar VA - 100 % fast - Veg, samferdsel og VA
Eigdomsforvaltning
- Frist 16.4.2023
Vil du jobbe med forvalting av VA i tenesteområdet Eigedomsforvaltning?
Kort om stillinga
Ved avdeling for Veg, samferdsle og VA har me ein ledig rådgjevarstilling med fokus på forvaltning av vatn og avløp.
Om Veg, samferdsle og VA
Tenesteområdet Eigdomdsforvaltning har ansvar for forvaltning av heile eigedomsmassen til Alver kommune, både bygningsmasse, areal, veg-, vatn-, og avløpsanlegg. Arbeidsstad er Rådhuset på Frekhaug. Her er vi ein del av eit bredt fagmiljø innan for feltet vårt.
Alver Kommune er ein stor kommune i utstrekning, 679 kvadratkilometer, og har difor eit omfattande distribusjonsnett for vatn og avløp. Over 100 tekniske anlegg, innafor vatn og avløp, reinseanlegg, pumpestasjoner, høgdebasseng osv. Kommunen er og vertskommune for mykje industri, med blant anna Equinor sitt raffineri og forsyningsbase på Mongstad.
Avdelinga er inne i omfattande planarbeid og spennande utbyggingsoppgåver, særleg i regionsenteret Knarvik. Det pågår arbeid med veg, vatn og avløp og nytt hovedavløpsreinseanlegg for heile søre delen av Alver Kommune. I tillegg er det ei rekkje utbyggingsprosjekt som er lagt inn i hovudplaner/temaplaner for veg, vatn og avløp framover i tid.
Avdelinga har blant anna ansvar for
- Strategi, planar, normer og rutiner for sitt ansvarsområde
- Sakshandsaming knytt til private planar
- Prosjekt planlegging av større og mindre investeringsprosjekt
- Oppfølging av kommunen sine overordna planar og strategiar
- Politiske saker orienteringar knytt til fagområde
Arbeidsoppgåver i stillinga
- Ansvar for framdrift og kvalitetssikring av utbyggingsprosessar
- Tekniske vurderingar og godkjenningar av planer som omhandlar VA
- Konstruktivt og tett samarbeid med interne og eksterne
- Ansvar for sakshandsaming og vedtak knytt til VA-faget
- Oppfølging og kontroll med utbyggingar både administrativt og ute på byggeplass
Ønskt kompetanse
- Ingeniørutdanning/ teknisk fagskule, relevant erfaring vil bli vektlagt, og kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med VA-tekniske løysingar i praksis
- Erfaring innan utbygging og planlegging av kommunal infrastruktur
- Oversikt over faget når det gjeld formelle krav til planlagte og utført arbeid
- Evne til å vurdere temaplanar, private utbyggingar og tekniske spørsmål frå innbyggjarar og næringsliv
- Gjerne juridisk kompetanse innanfor VA-faget
- Kjennskap til offentleg forvaltning
- Erfaring frå konsulent- eller entreprenørbransjen er positivt
- God kompetanse innan IKT
Personlege eigenskaper
- Du er engasjert og sjølvgåande
- Du er god til å kommunisere både skriftleg og munnleg
- Du har eit godt humør
- Du bidrar til godt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og på tvers av fagområde
Vi tilbyr
- Ein utviklande arbeidsplass i eit hektisk og godt arbeidsmiljø
- Du vil få fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Lønn etter avtale
- Tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Rådgivning, Vann- og miljøteknikk
Nøkkelord
ingeniør, VA, saksbehandling, fagskole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 295817884
- Sist endret