Utløpt

Vi ønsker deg som brenn for veiledningsfaget!

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Familieveileder - 100 % fast stilling - Barnevern famileveiledning
Frist
03.04.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Stillingsinformasjon:

Vi ønsker deg som brenn for veiledningsfaget!

Alver barnevernsteneste søkjer familieveileder, og har no ei ledig fast stilling. Veiledningsteamet vil inngå i tenesta si Barne og familieavdeling. I same avdeling er tenesta i ferd med å oppretta eit miljøteam/samværsstad som vert eit eige i team i avdelinga.  Begge teama vil jobbe synergisk og ha same avdelingsleiar.

Temaet har fem 100% stillingar, ei 50% stilling og skal no utvidast med ei stilling. Teamet får tilvist saker frå barneverntenesta, og arbeider såleis med identifiserte utfordringar hjå born og foreldre. I dette arbeidet søkjer ein å nytta kunnskapsbaserte metodar. 

Om arbeidsplassen:

 Alver barnevernsteneste er lokalisert i Knarvik/ Nordhordland. Barneverntenesta held til i flotte nye lokalar i Helseshuset sentralt i Knarvik.

 Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfagleg avdeling, samt i alt fireavdelingar: mottak og undersøking, tiltak, fosterheim og barne og familieavdelinga. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar. Vidare har tenesta eiga psykologstilling og eigen fagleiar. Tenesta som heile består av opp mot 50 tilsette.

Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er  vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse. 

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene til familieveilederne er hovudsakeleg knytt til veiledning av foreldre og born/ungdom som har behov for oppfølging av barneverntenesta der endring av omsorgssituasjonen er målet. Ein veileder også foreldre som har barn under omsorg hjå barnevernet og fosterforeldre. Stundom  veileder ein og foreldre som har ungdom med åtferd som krev barnevernstiltak.

Då avdelinga utgjer ein del av barneverntenesta som eit heile, er der og andre oppgåver t.d. knytt til observasjonar av samspel, vurdering av born sine omsorgsbehov og foreldre sine omsorgsferdigheiter.

Kvalifikasjonskrav:

  • Sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog/sosionom eller anna relevant utdanning, som helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning.
  • Relevant vidareutdanning, som eksempelvis systemisk familieterapi og/eller erfaring og sertifisering innan kunnskapsbaserte intervensjonar (eks. COS, PMTO, Marthe Meo, ICDP mv.)

 Andre kvalifikasjonar:

  • Søkjar må ha gode relasjonelle evner
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må ha god arbeidskapasitet.
  • Søkjar må har kompetanse/erfaring med endringsarbeid.
  • Søkjar må vere løysningsfokusert og halde seg fagleg oppdatert.
  • Søkjar må vera fleksibel og kunna tilpassa seg ulike menneske og miljø
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

 Dei personlege eigenskapane over vil vera avgjerande i val av kandidat til stillinga.

Vi tilbyr

  • Sjølvstendig fleksibelt arbeid
  • Individuell oppfølging
  • Delta i utviklingsarbeid i avdeling og tenesta som heilskap
  • Dyktige kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksitid
  • God pensjonsordning
  • Løn etter avtale basert på kompetanse og erfaring. Ved relevant høgare utdanning kan stillinga bli plassert i kap 5 med lokal avlønning. 

 Det må påreknas noko arbeid på ettermiddag og kveld, men hovudsakleg arbeidstid i kjernetida.

Vilkår

Du må ha førarkort kl B.  - Tenesta har bil til disposisjon. 

Det er krav om godkjend polititattest etter barnevernlova ved tiltrede.

Slik søkjer du:

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.   

Bli kjent med Alver kommune

Om arbeidsgiveren

Alver barnevernsteneste er lokalisert i Helsehuset i Knarvik/ Nordhordland.
Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfaglege, samt i alt fem avdelingar: mottak og undersøking, tiltak, familierettleiing og fosterheim. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar. Tenesta som heile består av i overkant 50 tilsette.

Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.

Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap. Frå 2022 har kommunalt barnevern overtatt oppgåver fra statleg barnevern. Deler av desse oppgåvene vert utført frå Avdeling for familierettleiing i samarbeid med avdeling Fosterheim.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Barnevernspedagog,
Sosionom

Nøkkelord

barnevern, famile, veileder, rettleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Minde
Telefon
90 11 63 41
Følg firma
413 følger dette firmaet

Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 295184602
Sist endret 17. mar. 2023 12:56

Rapporter annonse