Utløpt

Ein spanande nyoppretta stilling som våken nattevakt

Arbeidsgiver
Kvernhusmyrane
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar - 80% fast - Kvernhusmyrane bufellesskap
Frist
14.04.2023
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Stillinga vil ha base i Kvernhusmyrane Bufellesskap, men vil i tillegg ha nokon faste oppdrag i andre boligar, samt vera bakvakt for nokre boligar. Oppdraga vil vera i området rundt Knarvik. Vaktene er for tida 10 timer.

Om arbeidplassen

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Arbeidsoppgåver

  • Direkte miljøarbeid med tenestemottakarar
  • Legemiddelhåndtering
  • Oppfølging av vedtak etter kap. 9
  • Praktiske gjeremål i bolig
  • Bidra til eit godt omdømme gjennom god service overfor tenestemottakar 
  • Følgje lokale retningslinjer og arbeidsinstruks for arbeid på natt
  • Dokumentasjon gjennom profil

 Kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og somatiske plager 
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Sertifikat klasse B
  • Du har erfaring frå brukargruppa

Personlege eigenskapar 

  • Du har evne til å foreta faglege vurderingar og utvise godt skjønn
  • Du har høg etisk bevissthet og evne til kritisk refleksjon
  • Du er engasjert og fleksibel, og ønskjer å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar 
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn- og tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP 

Politiattest

I tråd med helse og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

Om arbeidsgiveren

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/ utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Kvernhusmyrane og Bjørkhaugen bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og kvart bufellesskap er heimen til 6 personar med utviklingshemming. Bufellesskapa har heildøgns bemanning,
Og tenesteytarane gir hjelp, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp.

Som tilsett vil du ha ein viktig rolle i arbeidet med å skape gode og trygge tenester for bebuarane, og for å lage eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og kollegaene dine.

Sted
Kvernhusmyrane 22, 5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

vernepleiar, sjukepleiar, habilitering, utviklingshemming, omsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørg Konglevoll Lunde
Telefon
99 31 66 42
Følg firma
413 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 22, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 295157039
Sist endret 3. apr. 2023 09:06

Rapporter annonse