Utløpt

Vil du være med lede fremtidens kontrollrom med AI-drevne operasjoner?

Arbeidsgiver
Nordic Rutile AS (Dotterselskap av Nordic Mining ASA)
Stillingstittel
Automasjonsingeniør - Kontrollrom
Frist
14.04.2023
Ansettelsesform
Fast

For å styrke vår organisasjon mot drift søker vi ein automasjonsingeniør Kontrollrom til vårt rutil og granatprosjekt i Sunnfjord kommune, Vestland Fylke. Stillinga rapporterer til Prosess- og produksjonsleiar, og vil ha arbeidsstad i Førde og Engebø. Stillinga si hovudoppgåve er å vere å automasjonsingeniør i prosess og produksjonsområdet med fokus på kontrollromsløysingar.

 

  • Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineraler. Produkta vil i hovudsak bli eksportert.

 

  • Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil krevje ca. 100 tilsette. 

 

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak være:

 

  • Etablere og følge opp kunde/leverandøravtaler med leverandøren av styresystemet og digitale løysingar for oppfølging av drift
  • Etablere opplæringsmateriell for kontrollromsoperatørane.
  • Vere en ressursperson for prosessoperatørar, prosessingeniørar og vedlikehald for å optimalisere prosessane knytt til kontrollrommet.
  • Etablering og utvikling av standard praksis for avdelinga med fokus på rutinane på kontrollrommet.
  • Etterstreve kontinuerleg forbetring ved å vidareutvikle prosessbilde og parameter i styresystemet.
  • Innlemme styresystemet og driftsoppfølgingssystemet på ein oversiktleg og intuitiv måte.
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av avdelinga.

 

Utdanning og kvalifikasjonar

 

  • Ingeniørutdanning innan automasjon eller programmering
  • Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

 

Ønsket bakgrunn og personlege eigenskapar:

  

  • Initiativrik haldning med stå på vilje.
  • Ønsker å være med å utvikle ein ny prosess.
  • Lar seg ikkje skremme av utfordringar
  • Gode analytiske eigenskapar.
  • Er strukturert og nøyaktig.
  • Har evne og vilje til å jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Er løysingsorientert og positivt innstilt.
  • Sterke sosiale ferdigheiter med god evne til lagarbeid og relasjonsbygging.
  • Har stor arbeidskapasitet.


Om arbeidsgiveren

Nordic Mining er et børsnotert ressursselskap med fokus på høgverdige metall- og mineral. Selskapet har fullfinansiert utviklinga av Engebø-fjellet i Sunnfjord Kommune. Der har Nordic Mining rettigheiter til en betydeleg eklogittførekomst med rutil og granat. Nødvendige løyver er gitt av norske myndigheiter, og selskapet har starta grunnarbeid. Produksjonsstart er planlagt til andre kvartal 2024 og blir da Norges første nye mineralutvinningsanlegg på nær 40 år.

Nordic Mining har også interesser i andre initiativ i mineralindustrien. Det inkluderer patentert teknologi for produksjon av alumina, utforsking og utvinning av havbotnsmineral.

Aksjane i Nordic Mining er notert på Euronext Expand Oslo med ticker "NOM".

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Hafstadvegen 34, 6800 Førde
Bransje
Industri og produksjon,
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
IT utvikling / AI / Maskinlæring,
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

ingeniør, kunstig intelligens, kontrollrom, automasjon, styresystemer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elin Stubhaug
Stillingstittel
Prosess- og produksjonsleiar
Følg firma
91 følger dette firmaet

Hafstadvegen 34, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 295074929
Sist endret 27. apr. 2023 18:12

Rapporter annonse