Utløpt

Velkomen til ein spanande arbeidskvardag i heimetenesta avdeling Frekhaug!

Arbeidsgiver
Heimeteneste
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 50 % vikariat
Frist
29.03.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Vi har ledig vikariat som helsefagarbeidar i 50 % stilling frå 01.04.2023 i ca 1 år. Stillinga går i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg. 

Om Frekhaug heimeteneste

Avdeling Frekhaug har to kontor; eit kontor på Frekhaug og eit kontor på Vikebø. Denne stillinga er knytt mot kontoret på Vikebø. Det er om lag 60 tilsette i avdelinga, og vi gjev tenester til personar busett på Holsnøy og Flatøy. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenstene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumentert i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

Kompetansekrav

  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er inspirerande og engasjert
  • kan prioritere i ein travel kvardag
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er løysingsorientert, påliteleg og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga

Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, samt i team. 

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør
  • Årsturnus 

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

Om arbeidsgiveren

"Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vera stolt av".
Som medarbeidar hjå oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vera med å utvikla tenestene til beste for brukarane. Eininga har avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik sørvest, Knarvik nordaust, Lindås, Alversund /Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til Dagsenteravdeling. Avdelingane samarbeider tett.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Nøkkelord

helse, eldreomsorg, heimeteneste, helsefag

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karin Elisabeth Bech
Telefon
56 17 12 02
Følg firma
412 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 294935778
Sist endret 30. mar. 2023 00:10

Rapporter annonse