Utløpt

Er du ein dyktig formidlar med stor kjennskap til digitale tenester?

Arbeidsgiver
Kultur - Strilabiblioteket
Stillingstittel
Bibliotekar - 100 % fast
Frist
26.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Ledig fast stilling som bibliotekar i Strilabiblioteket. For tida har stillinga kontorplass i Knarvik, og ein vil ha publikumsvakter ved fleire avdelingar. I denne stillinga er det viktig med god kjennskap til ulike digitale tenester og digital formidlingskompetanse, litteraturkjennskap og erfaring med formidling til alle aldersgrupper, særleg for barn.

Stillinga er tiltenkt kontorplass på Frekhaug når nye lokale er på plass, men endringar kan førekomme. Det kan vere lurt med erfaring frå prosjektarbeid og planlegging av nye bibliotek.

Stillinga har ei kveldsvakt per veke og kvar fjerde laurdag. Ein må etter avtale rekne med ansvar for tilrettelegging og gjennomføring av nokre arrangement utanom fast oppsett kvelds- eller laurdagsvakt.

Om Strilabiblioteket

Strilabiblioteket har tre avdelingar, Knarvik, Frekhaug og Manger, i tillegg ein filial i Lindåshallen og ein bokbuss. Avdelingane er sidestilte, og har ulik spesialkompetanse innanfor skjønnlitteratur, faglitteratur og barnelitteratur for å dekke behovet i heile kommunen. For tida har vi 17 tilsette fordelt på avdelingane med ulik og varierande kompetanseområde. Det er høve til å samarbeide på tvers for å utvikle nye idear og prosjekt.

Strilabiblioteket samarbeider med dei andre Nordhordlandsbiblioteka, og har årlege treffpunkt og seminar for å oppdatere kunnskap og lære av kvarandre. Vi er i stadig utvikling, og har fleire spennande prosjekt og planar framover. Mellom anna arbeider vi for nytt lokale for avdeling Frekhaug.

Arbeidsoppgåver

  • Formidling og opplæring i digitale tenester
  • Formidling av litteratur og anna media både fysisk og på digitale plattformer, særleg for barn
  • Samlingsutvikling med innkjøp og vedlikehald av litteratur, film og spel
  • Utvikle og gjennomføre skaparverkstad og andre arrangement for barn og ungdom innan t.d IKT-veiledning, gaming, enkel programmering, 3D-print eller liknande
  • Lesestund for barnehagar og skuler, og anna litteraturformidling
  • Publikumsarbeid med skranke, rettleiing, oppstilling og anna førefallande i bibliotekrommet

Kompetansekrav

  • Minimum bachelorgrad i bibliotekfag eller ein kombinasjon av bachelorgrad innan digitale media med bibliotekfagleg påbygg. Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Erfaring med formidling, publikumsarbeid og samlingsutvikling, særleg for barn og unge i folkebibliotek
  • God oppdatert digital kompetanse og kjennskap til verkstad- og spelutstyr
  • Trygg i rolla som formidlar, som vertskap for arrangement og som samtaleleiar

Ønskt kompetanse

  • Stor interesse, og kunnskap om digitale tenester og IKT-utsty
  • Interesse og kjennskap til litteratur, gjerne barnelitteratur
  • Erfaring med planlegging av biblioteklokale eller anne relevant prosjektarbeid
  • Bør ha sertifikat klasse B og ønske om klasse C1 

Personlege eigenskaper

  • Du er ein relasjonsbyggar med gode samarbeidsevner som tar initiativ til utvikling av gode tenester og arbeidsmetodar
  • Gjerne kreativ samstundes som du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
  • Personleg eigna til stillinga vert vektlagt

  Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å utvikle og prøve ut nye ideer og prosjekt
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

Varierte og interessante arbeidsoppgåver
Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer

Om arbeidsgiveren

Kulturtenesta i Alver er organisert i fire avdelingar med til saman kring 90 tilsette, og leverer tenester innan kulturskule, bibliotek, idrett, ungdomsklubbar, musikk, kulturvern, friluftsliv, scene, kulturbygg og frivilligsentralar. Kulturtenesta sine tenester er desentraliserte, men har sentraladministrasjon i Knarvik.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Bransje
Arkiv og bibliotek
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar

Nøkkelord

Bibliotek, bøker, formidling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trine Helene Pete
Telefon
93 60 91 63
Følg firma
413 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 294184985
Sist endret 9. mar. 2023 09:31

Rapporter annonse