Utløpt

Vil du vere ferievikar i Alver kommune?

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Sommarjobb ved teknisk drift og vedlikehald
Frist
10.04.2023
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

 

Informasjon om avdelingane som treng ferievikarar

Arbeidsområdet vårt er heile Alver kommue, og vi har tre driftstasjonar lokalisert på Frekhaug, Manger og Alverflaten.

Veg Vatn og avlaup (VVA)

VVA har ansvar for drift og vedlikehald av veg, vatn og avløp i Alver kommune. I avdelinga er vi omlag 34 tilsette som har ansvar for å løyse oppgåvene. 

Bygg, anlegg og elektro

Dei viktigaste oppgåvene i avdelinga er drift og vedlikehald av kommunale eigde og leigde bygg.  Samla tilsette i avdelinga er 45. Vi har i dag over 160.000 kvm bygningsmasse som kommunen eig, rundt 365 kommunale utleigebustader, og over 9000 kvm leigd areal. 

Kort om stillingane

Alver kommune søkjer etter ferievikarar i desse to avdelingane våre på teknisk drift. Vi planlegg å tilsette 8 -10 ferievikarar, og det vil vere størst behov i perioden veke 25-33. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene for det meste enkelt forefallande vedlikehaldsarbeid. 

Kompetanse

  • Er du elev eller student innanfor tekniske fag eller vurderar å bli det?
  • Har du erfaring frå liknade arbeid?
  • Er du positiv, pliktoppfyllnade og likar fysisk arbeid?
  • Trivs du med sjølvstendig arbeid og samt samarbeider godt med andre?
  • Har du førarkort klasse B?

 Ja, då vil vi gjerne høyre frå deg

Vi tilbyr

Løn - og tilsetjingsvlkår etter lov - og  tariffavtale

Slik søkjer du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester

Nøkkelord

vedlikeholdsarbeid, teknisk, drift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Knut Hopland
Telefon
91 60 01 89
Kontaktperson
Ole Kristian Rolland
Telefon
94 97 11 02
Følg firma
412 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 294184964
Sist endret 9. mar. 2023 09:31

Rapporter annonse