Utløpt

Rådgjevar landbruk, natur og miljø

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Rådgjevar landbruk, natur og miljø
Frist
29.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar landbruk, natur og miljø, frå april 2023. Stillinga som rådgjevar arbeidar med områda knytt til naturforvaltning, derunder jord-, skogbruk, klima, natur og miljø.

Stillinga ligg i etat for landbruk og teknisk, og rapportera direkte til etatssjef. Etaten har 14 tilsette ved kontoret, i tillegg til tekniske fagarbeidarar. Etaten har eit godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling og forvaltningsoppgåver knytt til jord-, skogbruk og miljø, etter m.a. jordlova, konsesjonsloven, skogbrukslova, naturmangfoldloven, motorferdselloven, plan- og bygningsloven og forvaltningsloven
  • Forvaltning og kontroll av tilskotsordningar innan skogbruk
  • Vassforvaltning
  • Oppgåver knytt til klima og biologisk mangfald
  • Ansvar for overordna planar knytt til klima og biologisk mangfald
  • Bidra med landbruk og naturfaglege kompetanse i tverrfagleg samarbeid
  • Arbeidsoppgåver kan bli noko endra etter nytilsett sine kvalifikasjonar/interessefelt
  • Stillinga har stor publikumskontakt

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning på bachelor- eller mastergradsnivå innan miljøvitskap og naturforvaltning, til dømes biologi, økologi eller naturforvaltning. Annan erfaring/kompetanse kan kompensere for manglande utdanning
  • Ynskjeleg med relevant erfaring/kompetanse innan offentleg saksbehandling og kjennskap til relevante lover og forskrifter
  • Kjennskap til kommunen sin rolle som forvaltningsmyndigheit
  • IKT kompetanse
  • Kjennskap til GIS er ynskjeleg
  • Gode norskkunnskapar; munnleg og skriftleg, med god framstillingsevne
  • Søkjar må ha førarkort klasse B og disponera bil
  • Personleg eignaheit for stillinga vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert, strukturert og sjølvstendig
  • Du tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser nytten av å dele kompetanse på tvers av fagfelt

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Høve til å vidareutvikle kommunen
  • Løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Om arbeidsgiveren

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 


 


Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.


Vi gjer merksam på at  søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Offentlig administrasjon,
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler

Nøkkelord

naturforvaltning,, landbruk,, miljø,, økologi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Morten Johan Johansen
Stillingstittel
Kommunalsjef landbruk og teknisk
Telefon
97 62 25 24
Kontaktperson
Elise Solheim Garvik
Stillingstittel
Rådgjevar landbruk og miljø
Følg firma
24 følger dette firmaet

Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 294111084
Sist endret 9. mar. 2023 09:33

Rapporter annonse