Utløpt

Vil du jobbe med næringslivet i Indre Sogn?

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Kunderådgjevar bedriftsmarknad
Frist
26.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største næringslivsbanken i Sogn og Fjordane, med bedriftskundar over heile det geografiske området. Vi er i dag 40 personar i eit breitt samansett fagmiljø som jobbar med bedriftskundar i Sogn og Fjordane, og no søkjer vi etter ny kunderådgjevar bedriftsmarknad i Indre Sogn med kontorstad Øvre Årdal.

Du vil få ansvar for å følgje opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.

Bransjeansvarlege med spissa kompetanse innanfor ulike bransjar, er ein viktig del av banken sitt rådgjevingstilbod, og er ei aktuell utviklingsretning som kunderådgjevar.

Det vil vere ein fordel om du har kjennskap eller tilknyting til Sogn og Fjordane og det aktuelle området. Vi verdset lokalkunnskapen vår høgt, og det er eit av våre sterkaste konkurransefortrinn.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte 

  • Ansvar for oppfølging av bedriftskundar i eigen kundeportefølje 
  • Kredittarbeid med handsaming av kredittsaker og risikovurderingar 
  • Finansiell rådgjeving 
  • Sikre godt samspel mellom ulike produktmiljø i banken til nytte for kunde 

Til stillinga søkjer vi deg som 

  • har høgare utdanning og eventuelt relevant erfaring 
  • er offensiv, resultatorientert og kompetent 
  • kan skape tillit og utvikle gode relasjonar til kundar og kollegaer
  • har glimt i auget og trivast med å jobbe i team
  • har engasjement for lokalt næringsliv

Kontorstad er Øvre Årdal og reiseaktivitet i regionen må påreknast. 

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

For meir informasjon om stillinga kontakt banksjef Jan Petter Vadheim, tlf. 911 46 267 eller direktør bedriftsmarknad Roy Stian Farsund, tlf. 906 22 123. Vi håpar å høyre frå deg! 

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn

Sektor
Privat
Sted
storevegen 9, 6884 Øvre Årdal
Flere arbeidssteder
  • 6856 Sogndal
  • 6887 Lærdal
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

bedriftsmarked, rådgjeving, salg, næringsliv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Petter Vadheim
Stillingstittel
Banksjef BM
Telefon
91 14 62 67
Kontaktperson
Roy Stian Farsund
Stillingstittel
Direktør BM
Telefon
90 62 21 23
Følg firma
102 følger dette firmaet

storevegen 9, 6884 Øvre Årdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 294071507
Sist endret 8. mar. 2023 10:10

Rapporter annonse