Lærling - brannførebygging
- Arbeidsgiver
- Austevoll kommune
- Stillingstittel
- Lærling - brannførebygging
- Frist
- 20.03.2023
- Ansettelsesform
- Lærling
Austevoll kommune har ledig ein læreplass innan brannførebygging!
I år kan vi tilby læreplass i ein spennande arbeidsplass med dyktige og engasjerte rettleiarar. Saman med Opplæringskontoret i Austevoll legg vi opp til at du får framdrift i opplæringa og opplev utfordringar og meistring.
I Austevoll kommune legg vi vekt på eit godt og tilrettelagt læremiljø, der du aldri skal føle at du er på for djupt vatn.
Som lærling hos oss skal du være trygg og sikker på at du er klar for arbeidslivet når du er ferdig!
Du vil følge dei opplæringsmodulane og fagplanane som er godkjent av Utdannings- og forskingsdepartementet for dei respektive fagområda. Som lærling i brannførebygging arbeidar du ved Austevoll brann og redningsteneste.
Arbeidsstad
Austevoll brann- og redningsteneste held til i Porsdalen, ca 3 km frå Storebø sentrum. Her arbeider det 3 medarbeidarar på fulltid i tillegg har eininga ein mannskapsstyrke på 22 personar. Alle med forskjellig bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
Arbeidskvardagen din vil vere variert og spennande, og i tillegg vil du få ta del i eit godt arbeidsmiljø.
Brannførebyggaren si hovudoppgåve er å forebygge brann i alle bustader og hytte, dette vert gjort blant anna ved å
- Sjekke brannsikkerheita i bustader/hytter og informera om blant anna røykvarsling, slokkeutstyr, rømningsveiar, riktig fyring, bruk av elektrisk utstyr og bruk av gass
- Feia piper og eldstader
- Tilpassa og laga utstyr til feiing
- Vurdera branntekniske løysingar
Kvalifikasjonar
- Fullført VG 1 bygg- og anleggsteknikk ( 3 år læretid)
- Framandspråklege søkjarar må dokumentera gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Fråvær og karakterarar vil bli lagt vekt på
- Søkjarar med ungdomsrett under 25 år vil bli prioritert
- Det er ønskeleg at du har førarkort
Personlege eigenskapar
- visa motivasjon og interesse for faget
- er nysgjerrig og ønskjer å lære
- er engasjert, positiv og fleksibel
- liker å arbeida i høgda
- har gode evner til planlegging og skriftleg dokumentasjon
- er sjølvstendig og tar ansvar for eiga læring
Vi tilbyr:
- Variert praksis med tett oppfølging og fagleg rettleiing.
- Fagleg utvikling i eit inkluderande og fint arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtale
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 500 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje
- Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon
- Brannvern
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Brannsjef Hans Petter Bjånesøy
- Telefon
- 971 19 444