Utløpt

Anestesisjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Anestesisjukepleiar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Er du vår nye spesialsykepleier i anestesi ved Molde Sykehus? 
Vi treng ein ny kollega i vår dyktige og hyggelege gjeng!  Her venter mange spennende og varierte oppgåver, i eit inkluderande og dynamisk miljø.

Anestesiseksjonen ved Molde sjukehus nyttar eit variert utvalg av moderne anestesimetodar, og har ein godt oppdatert utstyrspark.
Det vert utført ca 4500 anestesiar i året fordelt på gastrokirurgi, plastikkkirurgi, urologi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, ØNH, tann/kjeve og auge. I tillegg ytast anestesitjenester til radiologisk, medisinsk og psykiatrisk avdeling. Vi er også ein viktig del av akuttberedskapen ved Molde Sjukehus. 
Seksjonen har hyggelege og inkluderande tilsette og sjukehuset  er av perfekt størrelse. Alle kjenner alle, vi har godt tverrfaglig samarbeid, og vi utfører et bredt spekter av tjenester. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utvikling og godt arbeidsmiljø.
Et nytt sykehus for Nordmøre og Romsdal (SNR) bygges på Hjelset, og vi vil ta i bruk heilt nye arbeidslokaler frå 2025.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter spesialsjukepleiar  i anestesi
  • Må beherske norsk språk muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, ansvarsbevisst og fagleg engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i eit miljø med høgt tempo og varierte oppgåver

Vi tilbyr

  • God faglig kvalitet og utvikling
  • Ein hyggelig og inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Anestesi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inger Kvam
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
97 09 41 33
Følg firma
209 følger dette firmaet

Parkvegen 84, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 290742774
Sist endret 2. mar. 2023 08:06

Rapporter annonse