Utløpt

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar ved Ulstein vidaregåande

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
IT-Support
Frist
07.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar

Ved Ulstein vidaregåande skule og stab for organisasjon og tenesteutvikling, IT-seksjonen, er det ledig 100% fast stilling ved IT-servicedesk i Team Brukaroppleving. IT-seksjonen har f.t. 42 tilsette og 23 lærlingar og er lokalisert på dei vidaregåande skulane, Campus Kristiansund, NMK i Ålesund og Fylkeshuset i Molde.

Denne stillinga rapporterer til teamleiar brukaroppleving og er lokalisert ved Ulstein vidaregåande skule.


Du får jobbe med

IT-brukarstøtte servicemedarbeidar i Team Brukaroppleving vil jobbe med brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom sakshandsaming i supportsystemet, chat og telefon, samt fysisk rettleiing til elevar og tilsette ved skulen. Stillinga er lokalisert ved Ulstein vidaregåande skule.


Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • Brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • IT-støtte ved skulestart, eksamen og heildagsprøver
  • Lokal IT-ressurs for skulen
  • Opplæring i bruk av IT-tenester
  • Montering og rigging av teknisk utstyr og AV-utstyr
  • Klientdrift - tilrettelegging "tanking" og feilsøking
  • Sakshandsaming i saksbehandlingssystemet Pureservice
  • Lokal instruktør for lærlinger


Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev IKT-servicefag
  • God forståing av IT infrastruktur
  • Erfaring med servicearbeid og kundehandsaming
  • Kjennskap til ITIL-metodikk

Vi ser etter ein medarbeidar som samen med oss vil strekke seg langt for å gi brukarane våre ei god brukaroppleving. Vår nye medarbeidar er imøtekomande, tolmodig og kompetent, og set brukaren i fokus.

Vi søker deg som er serviceinnstilt, pliktoppfyllande, utadvent, resultat- og løysningsorientert, og som har gode samarbeidsevner og god gjennomføringsevne. Du må vere komfortabel med telefon og chat som arbeidsverktøy og ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Stor arbeidskapasitet er noko vi verdsett, og du må takle hektiske periodar. Rutinar og nye system har du ingen problem med å sette deg raskt inn i og du ønsker alltid å hjelpe andre på best mogleg måte.


Vi tilbyr

  • Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • Aktivt arbeidsmiljø med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Introduksjonsprogram
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemsskap i KLP)
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstid frå kl. 08:00 - 15:30 med moglegheit for fleksitid etter avtale


Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit datasenter med om lag 250 virtuelle og fysiske serverar, og IT-seksjonen driftar dei fylkeskommunale IT-tenestene. Vi har eit datanett for vidaregåande skule, tannhelse og sentraladministrasjon som IT-seksjonen har ansvar for. Team Brukaroppleving skal ivareta 1. linje brukarstøtte for alle IT-tenestene. Ulstein vidaregåande skule er lokalisert i Ulstein kommune, i nye og renoverte lokale i nærleiken av Høddvoll stadion, med sine ulike idrettsanlegg, som til dømes Nye Ulsteinhallen.

Skulen har følgjande programområde:

  • Studiespesialiserande
  • Idrettsfag
  • Sal, service og reiseliv
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Elektro og datateknologi
  • Påbygging til generell studiekompetanse


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Holsekerdalen 180, 6065 Ulsteinvik
Bransje
IT,
IT - programvare,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / IT-support,
Kundeservice,
Kurs og opplæring

Nøkkelord

Support, IT-support, brukerstøtte, it servicedesk, Saksbehandling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Dagfinn Grønvik
Stillingstittel
IT-sjef
Telefon
71 28 01 49
Mobil
95 92 59 24
Kontaktperson
Heidi Cathrine Øverland Thomassen
Stillingstittel
Leder Team Brukeropplevelse
Mobil
91 39 21 01
Følg firma
311 følger dette firmaet

Holsekerdalen 180, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 290733330
Sist endret 22. mar. 2023 15:48

Rapporter annonse