Utløpt

Rådgivar eigedomsforvaltning

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Eiendomsforvalter
Frist
21.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vil du vere med å utvikle eigedomsforvaltninga i Møre og Romsdal fylkeskommune?

Vi har ledig 100% fast rådgivar stilling ved avdeling for bygg- og eigedomstenester. Vi søker deg som systematisk og sjølvstendig, og som også er god på å samarbeide og vere ein god lagspelar.


Du får jobbe med

oppgåver knytt til eigedomsforvaltning som til dømes:

  • forvaltning av grunneigedomar og leigeavtaler
  • nabovarsel og regulering av fylkeskommunal grunn
  • kjøp og sal av eigedom
  • forsikring
  • eigedomsregister

Som tilsett i styringsstaben rapporterer du til avdelingssjef for bygg- og eigedomsdrift.


Vi søker deg som

har relevant utdanning, helst på masternivå og gjerne innan eigedomsforvaltning. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.

Vi ønsker at du har erfaring frå eigedomsforvaltning i større offentlege organisasjonar.


I tillegg blir det lagt vekt på at du:

  • har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • er ein lagspelar som likar å samarbeide, dele og inkludere
  • er fleksibel og har vilje til å stå på litt ekstra ved behov
  • er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
  • har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk


Vi tilbyr

  • ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogleg tenester
  • utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen, for tida med arbeidsstad Molde.

Bygg- og eigedomstenester i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sin eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skoler med eit bruttoareal på om lag 215.000 m2.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 7, 6412 Molde
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Eiendom,
Juridiske tjenester
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling,
Jurist,
Megler

Nøkkelord

eiendomsforvaltning, offentlig forvaltning, eiendom, regulering, næringseiendom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Olaf Skuseth Brækkan
Stillingstittel
Bygg- og eigedomssjef
Telefon
71 28 02 27
Mobil
92 08 23 68
Kontaktperson
Anne Bente Klokk Svendsvik
Stillingstittel
Avdelingssjef Bygg- og eigedomsdrift
Telefon
71 28 02 32
Mobil
91 13 15 46
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 7, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 290730007
Sist endret 22. mar. 2023 14:24

Rapporter annonse