Utløpt

Lege før turnus

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege før turnus
Frist
01.03.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Avdeling for TSB Ålesund tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter består av 3 kliniske seksjonar; Poliklinikk, avrusing og korttids døgnbehandling. I tillegg har avdelinga ein poliklinikk og ein langtids døgnbehandling lokalisert i Molde. Avdelinga tilbyr avrusing, utgreiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar.

Avdeling for TSB etterstrebar høg kvalitet og sikkerheit i arbeidet. Vi driv moderne rusbehandling og skal vere tilgjengeleg for befolkninga med korte ventetider og effektiv, kunnskapsbasert behandling. Du vil møte ei velorganisert avdeling med høgt ambisjonsnivå innanfor pasientbehandling og fagleg utvikling. Det vert jobba kontinuerleg med å halde avdelinga oppdatert etter lovverk og nasjonale retningslinjer. Stillinga inngår i vaktordning for LIS, som pr. i dag er 6-delt.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eitsærs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Sjå meir på visitnorway.no

Arbeidsoppgåver

  • Mottak
  • Medikamentvurderingar
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ruslidingar og ulike psykiske lidingar i samarbeid med spesialist
  • Vere ein del av eit tverrfagleg behandlingsteam
  • Samarbeid med anna helsepersonell i spesialist- og primærhelsetenesta
  • Medansvar for gode pasientforløp
  • Deltaking i vaktteneste

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode ferdigheiter i norsk språk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker deg som er fleksibel, løysingsorientert, beslutningsdyktig og engasjert. Du må ha evne til å samarbeide med andre i eit tverrfagleg miljø, men også vere i stand til å ta eigne avgjerder i situasjonar der det er forventa

Vi tilbyr

  • Rettleiing og teoretisk opplæring saman med LIS2/3
  • God opplæring
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege

Nøkkelord

lege, rus, Ålesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oddbjørg Bjørge
Stillingstittel
Overlege
Telefon
70 17 13 03
Kontaktperson
Siri Mette Dragsund Hoff
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
70 17 13 33
Følg firma
208 følger dette firmaet

Vestmoa 27, 6018 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 290621283
Sist endret 7. feb. 2023 15:06

Rapporter annonse