Utløpt

Kyrkjeverje

Arbeidsgiver
Hjelmeland kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Kyrkjeverje
Frist
07.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Hjelmeland kommune ligg i hjarta av Ryfylke , og er med sine 1092 km2 den nest største kommunen i Rogaland. Det er kort veg med fastlandssamband til Stavanger og resten av regionen. I kommunen er det gode høve til allsidig friluftsliv og eit rikt kulturliv. Om lag 2600 innbyggjarar bur i kommunen, og det er 3 sokn med kvart sitt sokneråd. Kontorstad er i kommunesenteret Hjelmeland. I staben er det kyrkjeverje, prost, sokneprest, administrasjonssekretær, kantor, kyrkjelydspedagog, diakonimedarbeidar og fire kyrkjetenarar.
 
Vår kyrkjeverje ønskjer å gå av med pensjon, og me lyser difor ut
100 % stilling som kyrkjeverje/ dagleg leiar
 
Me søkjer etter ein person som kan gå inn i arbeidsfellesskapet som ein tydeleg leiar for dei tilsette i fellesrådet. Du må ha  evne og vilje til å setja deg inn i det mangfoldige arbeidet som ligg til ei slik stilling i ein liten stab. Som kyrkjeverje er du ein nøkkelperson i utviklinga av Den norske kyrkja i lokalsamfunnet, i godt samarbeid med dei tilsette, sokneråda og kommunen. 

Arbeidsoppgåver

Å vera kyrkjeverje er ein spennande jobb. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte, så det blir aldri einsformig. Du er leiar for fellesrådet si verksemd, noko som inneber saksbehandling og sekretæroppgåver. I tillegg vil hovudoppgåvene vera innanfor følgjande felt:

  • Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet
  • Økonomiansvar for fellesrådet sitt budsjett
  • Ansvar for drift og vedlikehald av 4 kyrkjer
  • Administrasjon av 9 gravplassar
  • Dagleg drift av kyrkjekontoret

Kvalifikasjonar, formelle og uformelle

Det er inga spesiell utdanning for å bli kyrkjeverje, men sidan dette er ei leiarstilling med totalansvar for verksemda, så er det ein stor fordel å ha relevant høgskuleutdanning innanfor personal/ HR, økonomi, teologi, offentleg forvaltning og administrasjon, eller anna relevant utdanning. Me vil og leggja vekt på om du har:

  • Kunnskap om kyrkjeleg organisering
  • Gode datakunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kunnskap om bokføring og praktisk økonomiarbeid

Personlege eigenskapar

I ei slik stilling er det like viktig kven du er som kor mykje du kan i utgangspunktet. Du bør ha eit sterkt engasjement for kyrkja sin plass og verdi i lokalsamfunnet. Me vil leggja stor vekt på at du har personlege eigenskapar som er nødvendige for ein leiar i kyrkja.  Du må ha vilje og evne til å setja deg inn i gjeldande lov- og regelverk, nye arbeidsoppgåver, fagfelt og dataverktøy. Du må kunna arbeida sjølvstendig og strukturert. 

Me tilbyr

  • Ein sjølvstendig, spennande, utfordrande og meiningsfull jobb i eit godt stabsfellesskap
  • Varierte arbeidsoppgåver og fleksibel arbeidstid
  • Gode kontorlokale, digitale verktøy og fagsystem
  • Tilbod om relevant opplæring og eksterne kurs
  • Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
  • Kollegaforum i prostiet og i bispedømmet

Kyrkjeverja må vera medlem i Den norske kyrkja, og vera lojal mot dei ordningar og vedtak som gjeld. Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av nyare dato. Administrasjonsspråket i Hjelmeland er nynorsk. Du må disponera eigen bil.
 
Arbeidsstad er Hjelmeland kyrkjekontor, Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland 

Om arbeidsgiveren

    

Sektor
Offentlig
Sted
Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Reidunn Ferstad
Stillingstittel
kyrkjeverje
Telefon
97 75 53 47
Kontaktperson
Terje Thornquist
Stillingstittel
Fellesrådsleiar
Telefon
46 62 28 53
Følg firma
175 følger dette firmaet

Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland

Annonseinformasjon

FINN-kode 290589053
Sist endret 8. feb. 2023 10:30

Rapporter annonse