Utløpt

Brenn du for arkivfaget?

Arbeidsgiver
Ulstein kommune
Stillingstittel
Leiar dokumentsenter
Frist
19.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Vi søker deg som brenn for arkivfaget, og samtidig er oppteken av korleis vi kan skape betre og smartare tenester. Ulstein er blitt kåra som ei av dei mest opne kommunane i landet dei siste to åra, og her ønsker vi å behalde stø kurs vidare framover. Krava til dokumentasjon og effektivisering innan saksbehandling er i stor utvikling - vi treng ein dyktig og utviklingsorientert leiar til å styre oss i rett retning. Saman skaper vi framtidas kommune!  


Arbeidsoppgåver:

Leiar for dokumentsenter vil få drifts- og fagansvar for arkivtenesta og politisk møtesekretariat. 

Du vil vere tilsett i sektor organisasjon og utvikling, og vere ein del av kommunedirektøren sin stab. Dokumentsenteret har ei viktig rolle i kommunen sitt heilskaplege arbeid med digitalisering og kvalitetsutvikling, og du blir ein naturleg del av eit nytt tverrfagleg team på dette området. 

Endringar i stillinga må kunne påreknast i takt med kommunen si stadige endring. 

Stillinga rapporterer til kommunalsjef organisasjon og utvikling. 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

Dine ansvarsområde vil kunne vere: 

  •  Økonomi og personalansvar 
  • Daglege driftsoppgåver som innsynskrav, journalføring og kvalitetssikring 
  • Betene og utvikle kommunen sine kanalar for mottak av digital post 
  • Innsynsløysningar og publisering av postlister 
  • Systemadministrasjon og brukarstøtte i sak/arkivsystemet Acos WebSak 
  • Ta del i interkommunale faggrupper 
  • Dokumentasjonsstrategi og bevarings- og kassasjonsplan 
  • Arkivfagleg rådgjeving 
  • Utforming og iverksetting av retningslinjer og rutinar 
  • Ordning, uttrekk og avlevering av historisk arkivmateriale 


Kvalifikasjonar:

  • Arkivfagleg utdanning og/eller erfaring frå arkivarbeid i offentleg forvaltning
  •  Erfaring som leiar, prosjektleiar eller tilsvarande er ein fordel
  • God kjennskap til elektroniske sak/arkivsystem og MS Office
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Evne til analytisk heilskapstenking
  • Evne til å motivere, inspirere og vere tydeleg som leiar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God digital forståing og kompetanse
  • Erfaring med Acos WebSak vil vere ein stor fordel


Personlege eigenskapar:

  • Aktiv, nysgjerrig og open for endring 
  • Strukturert, systematisk og resultatorientert 
  • Jobbar godt både sjølvstendig og i team 
  • Fleksibel og vand til ein hektisk arbeidskvardag
  • Løysingsorientert med god gjennomføringsevne 
  • God til å prioritere 


Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø; aktivt, positivt og uformelt 
  • Ein organisasjon med fokus på utvikling 
  • Gode høve for personleg og fagleg utvikling 
  • God offentleg pensjonsordning 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Lønn etter avtale 


Om arbeidsgiveren

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Arkiv og bibliotek,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eli Marte Dalhaug
Stillingstittel
Leiar Servicetorg og dokumentsenter
Mobil
48 15 82 30
Følg firma
3 følger dette firmaet

Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 290479846
Sist endret 20. mar. 2023 15:04

Rapporter annonse