Utløpt

Førsteamanuensis/førstelektor i norsk/norskdidaktikk med vekt på litteratur

Arbeidsgiver
Nord universitet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor i norsk/norskdidaktikk med vekt på litteratur
Frist
26.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Nord universitet
Om stillinga

Ved Nord universitet, Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, er det ledig inntil to faste stillingar som førsteamanuensis / førstelektor i norsk/ norskdidaktikk med vekt på litteratur. Stillingane har fast kontorstad i Bodø. Undervisning og rettleiing tilknytta stillingane kan leggast til andre studiestader som til dømes Mo i Rana/Nesna og Stokmarknes.

Fagmiljøet ved Nord universitet er fordelt på fleire studiestadar, så samarbeid mellom vitskapleg tilsette ved fakultetet er viktig, uansett geografisk plassering.

Den/dei som blir tilsett, vil bli inkludert i eit forskingsfellesskap, alt etter fagleg interesse. Om det på grunn av manglande søkjartilfang, eller av andre grunnar ikkje let seg gjere å tilsetje i stilling som førsteamanuensis/førstelektor, kan  det bli aktuelt å tilsetje i stilling som universitetslektor. Det er forventa at den/dei som blir tilsett som universitetslektor, kvalifiserer seg til førstestilling etter avtale med dekanen.


Arbeidsoppgåver
  • Stillingane er i hovudsak tillagt undervisning, praksisoppfølging, rettleiing og FoU-oppgåver på barnehagelærarutdanning og master i  grunnskulelærarutdanning. Stillingane er knytt til undervisning på bachelor- og masternivå i norskfaglege emne innan litteraturdidaktikk.
  • Stillingane er tillagt forsking- og utviklingsarbeid, og dessutan formidling.
  • Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forsking og utviklingsarbeid er sentrale ved fakultetet, difor er det viktig at den/dei som blir  tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
  • Det ventast at den/dei som blir tilsett i førstestilling, bidreg i utvikling av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering, samt bidreg til å  vidareutvikle forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.
  • Det ventast at den/dei som blir tilsett, bidreg i utviklinga av fagmiljøet i norsk ved fakultetet, saman med kollegaer.

Kvalifikasjonskrav

Tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor

  • For tilsetjing som førsteamanuensis krev vi norsk doktorgrad innanfor relevant fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad som er godkjend som likeverdig med den norske, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg produksjon av same omfang og kvalitet.
     
  • For tilsetjing som førstelektor krev vi dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarar til arbeidsmengde for doktorgradsarbeid.

Tilsetjing som universitetslektor

  • For tilsetjing i stilling som universitetslektor krev vi relevant utdanning frå universitet eller høgskole, mastergrad eller tilsvarande innanfor relevant fagområde.

Sams for alle 

  • Søkjarar må dokumentere at dei har grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Grunna forskriftsendringar frå 01.09.19, har Nord universitet vedtatt eigne vilkår for utdanningsfagleg kompetanse, sjå meir informasjon på Nords nettsider (https://eur01.safelinks.protection.outlook.com/?url=https%3A%2F%2Fwww.nord.no%2Fno%2Fom-oss%2Fledige-stillinger%2FSider%2Fdefault.aspx%23!%26acd%3D48ea1473-36a5-0732-3340-095dc76ab4fc&data=04%7C01%7Cbodil.b.aase%40nord.no%7C94191cec8d6d4b35ebc208d978e93245%7Cfed13d9f21df485d909a231f3c6d16f0%7C1%7C0%7C637673765229331074%7CUnknown%7CTWFpbGZsb3d8eyJWIjoiMC4wLjAwMDAiLCJQIjoiV2luMzIiLCJBTiI6Ik1haWwiLCJXVCI6Mn0%3D%7C1000&sdata=KiSOz9O2F1w92rD0C2fcWQRpNN236VB7OPIIfufQrbA%3D&reserved=0). Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyd eit emne i universitetspedagogikk som dekkjer dette kravet.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk (ev. skandinavisk språk) og engelsk.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:
  • Forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga.
  • Publikasjonar dei siste fem åra vil bli vektlagde.
  • Erfaring med internasjonale forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • Erfaring frå undervising og rettleiing på bachelor- og masternivå frå universitets- og høgskolesektoren
  • Pedagogiske kvalifikasjonar
  • Relevant yrkespraksis
  • God evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyd

Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1011 for førsteamanuensis, kode 1198 for førstelektor og kode 1009 for universitetslektor. Løn etter avtale. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings-, og pensjonsordning i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no/)
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.


Kontakt

Nærare opplysing om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

  • Faggruppeleder May Line R. Tverbakk, e-post: may.l.tverbakk@nord.no tlf. +47 75 51 77 83
  • Seksjonskoordinator Eirin Furre Moan, e-post: eirin.f.moan@nord.no, tlf. +47 75 51 77 73

Søknadsprosessen

Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig vurderingskomite.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.


Søknad

Søknad sendast elektronisk innan 26.02.2023

Den elektroniske søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • Fullstendig curriculum vitae
  • Kopi av vitnemål og attestar
  • Fullstendige kopiar av eit utval på inntil 15 av dei mest relevante publikasjonane til søkjaren, og ei liste over desse. Vi bed søkjarane prioritere dei 5 viktigaste arbeida sine, og kommentere prioriteringa. Doktorgradsavhandling skal leggjast ved som eitt av disse arbeida.
  • Utdanningsfaglig CV og refleksjonsnotat ihht utfyllande bestemmelsar for utdanningsfaglig kompetanse
  • Dokumentasjon på annan aktivitet som vurderast som relevant for stillinga, og som er ønskt teken med i vurderinga
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Ref.nr. 30072025


Om arbeidsgiveren

Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering. 

I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.

Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.

Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag utdannar framtidas lærarar frå barnehage til vidaregåande skole og innan idrett og estetiske fag.

Kandidatane våre spelar ei sentral rolle i den kunnskapsbaserte utviklinga av samfunnet, både regionalt og nasjonalt. Vi skal bidra til å utvikle praksisfeltet vi utdannar for, så forskingstilnærminga vår er profesjonsretta og praksisnær. Fakultetet tilbyd doktorgrad (ph.d.) i profesjonsvitenskap. Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag har 3500 studentar, og 350 tilsette i Levanger, Bodø og på Nesna.

Les meir: www.nord.no/flu.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Postboks 1490, 8049 Bodø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
244 følger dette firmaet

Postboks 1490, 8049 Bodø

Annonseinformasjon

FINN-kode 290448119
Sist endret 6. feb. 2023 09:29

Rapporter annonse