Utløpt

Jurist - førebyggande tilsyn 

Arbeidsgiver
Arbeidstilsynet
Stillingstittel
Jurist - førebyggande tilsyn
Frist
26.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?

Arbeidstilsynet jobbar for at alle arbeidstakarar skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. No treng  vi fleire juristar til å følge opp at verksemdene sjølv tek hand om sitt ansvar etter arbeidsmiljølova, allmenngjeringslova og anna regelverk der Arbeidstilsynet har mynde.

Som jurist i Arbeidstilsynet får du høve til å jobbe tett på norsk arbeidsliv. Aktuell seksjon har for tida eit særleg ansvar for bransjane overnatting og servering, transport, reinhald, varehandel, og privat sektor elles som ikkje er særskilt lagt til andre seksjonar. Seksjonen sine tilsyn er i stor grad retta mot psykososiale, ergonomiske og organisatoriske arbeidsmiljøfaktorar og tilsyn med allmenngjorde løns- og arbeidsvilkår. Som jurist i tilsynsavdelinga må du rekne med å utføre oppgåver for fleire seksjonar. 

Vi søker etter deg som trivast med saksbehandling, rettleiing og kvalitetssikring i tett samhandling med kollegaer – både juristar og inspektørar. Om du i tillegg er ein som tek initiativ, er strukturert og god til å samarbeide, vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring, bakgrunn, fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss i betre stand til å løyse oppgåvene. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søke jobb hos oss. Vi legg til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det.

Stillinga har kontorstad i Ålesund, men høyrer til ein seksjon som har medarbeidarar ved fleire tilsynskontor i område Vest (Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal). På kontoret i Ålesund er det kollegaer frå fleire seksjonar i eit tverrfagleg miljø med juristar og inspektørar innen ulike fagområde.  

Jobben inneber noko reising.

Arbeidsoppgåver

  • saksbehandling, under dette utarbeide lovbrotsgebyr, meldingar og tilrådningar om straff
  • i nokon grad delta i tilsyn
  • rettleiing internt og eksternt
  • internt opplærings- og utviklingsarbeid
  • kvalitetssikring og oppfølging av rutinar
  • utgreingar og arbeid med høyringar
  • noko regelverksarbeid

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • arbeidserfaring frå ei, eller fleire av arbeidsoppgåvene nemnt  over, er ynskjeleg
  • erfaring innan arbeidsrett og/eller strafferett er ønskeleg
  • erfaring frå saksbehandling, rettleiing og kontroll er ønskeleg
  • erfaring med opplæringsarbeid er ønskeleg
  • kunnskap om forvaltningslova og offentleglova er ønskeleg
  • kunnskap om og erfaring frå arbeid med HMS er ønskeleg
  • god i munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk
  • førarkort for personbil (B)

Vi søker deg som

  • har evne og lyst til å jobbe som jurist i ei myndigheitsrolle
  • tar initiativ, gjennomfører og skaper resultat
  • samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt
  • jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag
  • er nysgjerrig og fleksibel  

At ein høver til stillinga blir sterkt vektlagt.

Det er mange gode grunnar til å jobbe hos oss

Hos oss får du:

  • løn og stilling som rådgjevar, kode 1434 (kr 540 000 - kr 650 000) eller seniorrådgjevar, kode 1364 (kr 605 000 - kr 750 000) i Statens lønsregulativ. Lønsplassering etter kvalifikasjonar.
  • gunstig lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse https://www.spk.no
  • gode ordningar og fordelar: https://www.arbeidstilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/hva-tilbyr-vi-vare-ansatte
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for personleg og fagleg utvikling
  • høve til  å medverke og påverke eigen arbeidskvardag
  • hyggelege kollegaer i eit utviklande læringsmiljø

 

Viktig å vite før du søker

Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller næringsinteresser i verksemder som er underlagt tilsynet til Arbeidstilsynet.

Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må du grunngje i søknaden. Vi kontaktar deg dersom du ikkje får innvilga unntaket.

Om arbeidsgiveren



Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!


Arbeidstilsynet kontrollerer at  arbeidsmiljølova følgjast, og vi gjev rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med meir enn 18 000 arbeidsplassar i heile landet, og vi gjev råd og informasjon via vår telefonteneste, chat, e-post og Facebook. Etaten har 650 tilsette, og er underlagt Arbeids- og sosialdepartementet.

Sektor
Offentlig
Sted
Retirovegen 4, 6010 Ålesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Marie Gjerd
Stillingstittel
seksjonsleiar
Telefon
47 64 20 23
Følg firma
584 følger dette firmaet

Retirovegen 4, 6010 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 290067914
Sist endret 3. feb. 2023 10:17

Rapporter annonse