Utløpt

Seniorinspektør/senioringeniør - førebyggjande tilsyn

Arbeidsgiver
Arbeidstilsynet
Stillingstittel
Seniorinspektør/senioringeniør
Frist
26.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?

Arbeidstilsynet skal leggje premissar for, og følgje opp at norske verksemder held eit høgt nivå på helse, miljø og sikkerheitsarbeid.

På eit fagleg og sjølvstendig grunnlag skal vi følgje opp at verksemder sjølv tek sitt ansvar etter arbeidsmiljølova, allmenngjeringslova og anna regelverk der Arbeidstilsynet har mynde. Tilsyn og rettleiing er særleg retta mot organisatoriske forhold, psykososiale faktorar, teknisk sikkerheit, førebygging og oppfølging av ulykker, samt kjemiske, fysiske og biologiske arbeidsvilkår.

Vi søkjer nå deg som har kompetanse om korleis kjemiske, fysiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar (yrkeshygiene) påverkar eit arbeidsmiljø, og som kan trivast med å gjennomføre tilsyn med ulike privat og offentlege verksemder, handsame saker og rettleie både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring, bakgrunn, fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss i betre stand til å løyse oppgåvene. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søkja jobb hos oss. Vi legg til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det.

Stillinga har kontorplass i Ålesund, men høyrer til ein seksjon som og har medarbeidarar i Stavanger, Haugesund, Bergen, Førde og Kristiansund. Tilsette i seksjonen arbeider innan fleire arbeidsmiljøområder.

På kontoret i Ålesund er det eit tverrfagleg arbeidsmiljø med inspektørar og juristar frå ulike seksjonar og fagområde. Jobben inneber noko reising. 

Arbeidsoppgåver

  • føre tilsyn med at verksemdene arbeider systematisk med å førebyggje HMS, og særleg innan fysiske, kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar (yrkeshygiene)
  • rettleie verksemder om systematisk helse, miljø og sikkerheit
  • følgje opp arbeidsulykker
  • saksbehandling i samsvar med forvaltningslova og offentleglova
  • bidra i internt opplærings- og utviklingsarbeid 

Kvalifikasjonar

  • relevant teknisk- naturvitskapleg utdanning frå universitet eller høgskule med kompetanse innan kjemiske, fysiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar
  • relevant arbeidserfaring og kompetanse innanfor HMS-arbeid og spesielt innafor fysiske, kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar (yrkeshygiene)
  • erfaring frå saksbehandling, tilsyn/kontroll og rettleiing
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk førarkort for personbil (B)

Vi søkjar deg som

  • har evne og lyst til å jobbe med tilsyn i ei myndigheitsrolle
  • tar initiativ, god evne til å gjennomføre og til å skape resultat
  • gode samarbeidsevner
  • jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag
  • er fleksibel, og kan utføre oppgåver på nye område ved behov

Personleg eignaheit blir vektlagt

Det er mange gode grunnar til å jobbe hos oss

Hjå oss får du:

  • stilling og løn som seniorinspektør, kode 1371 (kr. 550 000 - kr. 730 000) eller overingeniør/senioringeniør, kode 1087/1181 (kr. 560 000 - kr. 680 000/kr. 590 000 - kr. 730 000). Plassering av løn etter kvalifikasjonar.
  • gunstig lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • fleksitidsordning
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for personleg og fagleg utvikling
  • høve til å medverke og påverke eigen arbeidskvardag

Viktig å vite før du søkjer
Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd. I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet.
 
Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som blir tilsett må rekne med at det kan bli endringar i arbeids- og ansvarsområda for stillinga.
 
Du kan be om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Dette må bli grunngitt i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngjevinga ikkje oppfyller vilkåra for unntak.

Om arbeidsgiveren

Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!


Arbeidstilsynet kontrollerer at arbeidsmiljølova blir følgd og gir rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan medverka til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med arbeidsplassar over heile landet, og vi gir råd og informasjon om arbeidsmiljø på telefon, chat, e-post og på Facebook. Etaten har 720 tilsette, og er underlagd Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Sektor
Offentlig
Sted
Retirovegen 4, 6019 Ålesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Petter Sæbo
Stillingstittel
seksjonsleiar
Telefon
48 40 38 87
Følg firma
586 følger dette firmaet

Retirovegen 4, 6019 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 290061970
Sist endret 3. feb. 2023 09:23

Rapporter annonse