Utløpt

2 Handverkarar

Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Stillingstittel
2 Handverkarar
Frist
19.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Ålesund kommunale eigedom KF søker 2 handverkarar/tømrarar til gruppe Bygg Vest.

Som handverkar i ÅKE KF vil du få ein spanande og utfordrande jobb. Du ser på deg sjølv som ein dyktig handverkar, som problemløysar der du trivast med at ny dag kan gje nye utfordringar og moglegheiter. Viktig er fokus på godt handverk, men også nøgde brukarar og oppdragsgjevarar. Stillinga ligg til avdeling Eigedomsdrift, område vest (gamle Ålesund). Bygg Vest har mest med rehabilitering og klargjering av ulike utleigebustader, men også vedlikehald av andre kommunale bygg. I Eigedomsdrift er det totalt 56 medarbeidarar, 8 av desse i Bygg Vest. Gruppa består av gruppeleiar, 6 tømrarar og 1 malar. Alle har høveleg varebil. Vi set stor fokus på at våre tilsette skal ha kompetanse innan deira fagområde.

Ålesund kommunale eigedom KF er Ålesund kommune sitt eigedomsselskap med ansvar for alle byggeprosjekt og
drift/forvalting/reinhald av kommunen sine eigedommar. Vi har ansvaret for ei rekke ulike type bygg, både i storleik og kompleksitet. Føretaket handterar både nye og eldre bygg,  vi har òg freda og verneverdige bygningar i porteføljen. Samla bygningsmasse er omlag 500.000 m2. I dette inngår føremålsbygg (omsorgssenter, skular, barnehagar, kultur- og idrettsbygg, brannstasjonar m.fl .) og cirka 1400 utleigebustadar.  Eigedomsselskapet har ei sentral rolle i kommunen sitt bustadsosiale arbeid, her under ansvar for utleige av bustadar og forvaltinga av kommunen sine låne- og stønadsordningar. Vi handterer i tillegg inn-/utleige av næringsareal. Vi er både profesjonelle og kunnskapsrike innan eigedom, og har ei målsetting om at våre kundar –kommunale verksemder og innbyggjarar skal få gode arbeids- og bruksforhold.  

Arbeidsoppgåver

  • Service, vedlikehald og rehabiliteringsoppgåver på utleigebustader og andre kommunale bygg.
  • Andre oppgåver under spesielle omstende, eller ved fråvær.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkar primært etter nokon med relevant fagbrev eller tilsvarande utdanning som tømrer. Relevant bakgrunn/erfaring (omfang og type) kan kompensere for manglande utdanning.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Blant anna evne til samarbeid (både internt og med våre kundar) og kunne snakke og skrive godt norsk.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår
  • Pensjonsordning i KLP
  • IA-bedrift
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Fagleg utvikling
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø.

Om arbeidsgiveren

Ålesund kommune er den største
kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for
Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt
byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og
fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv.
Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.


Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og
engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det
daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig.
Visjonen for kommunen er nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og
lokal identitet .


Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Borgundvegen 501, 6002 Ålesund
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Håndverker / Snekker/Tømrer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjarne Hundsnes
Stillingstittel
Leiar
Telefon
95 46 25 91
Følg firma
49 følger dette firmaet

Borgundvegen 501, 6002 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 290059394
Sist endret 3. feb. 2023 12:22

Rapporter annonse