Rådgjevar innan landbruk og utmarksforvaltning
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Rådgjevar innan landbruk og utmarksforvaltning
- Frist
- 19.02.2023
- Ansettelsesform
- Engasjement
Vi har ledig spanande engasjement som rådgjevar innan landbruk og utmarksforvaltning.
Du må vere omgjengeleg, og trivast med å jobbe med ulike typer menneske, fagområder og oppgåver. Dette er ei spanande nyoppretta stilling, og det vil vere gode moglegheiter for å utvikle stillinga og innhaldet i den.
Vi søkjer ein person som ønskjer å jobbe i eit dyktig team som består av landbrukssjef og utmarksforvaltar.
Engasjementet varer i 1 år, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn
- Tilskuddsordning
- Konsesjonsoppfølging
- Jordlovssaker
- Forefallande oppgåver innen land-og skogbruk, samt utmarksforvaltning
- Ulovligheitsoppfølging
- Generell sakshandsaming innan fagområda
- Samarbeid på tvers av fageiningar
- Ressursutnytting i utmark
- Klima og næringsutvikling
- Utarbeiding av rapportar
Kvalifikasjonar
- Gjerne høgare utdanning innan land-skogbruk og utmarksforvaltning
- Praktisk erfaring og interesse for fagområda er viktig
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Kreativ
- Initiativrik
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Omgjengeleg
- Kremmarånd
- Må ha sertifikat klasse B
Vi tilbyr
- Dyktige kolleger
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning,
- Saksbehandler,
- Agronom
Nøkkelord
utmark;, rådgiver;, landbruk;, jordbruk;, Valdres
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Gro Anita Bakketun
- Stillingstittel
- Leiar for næring, plan og byggesak
- Telefon
- 413 32 129
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes