Utløpt

Studiekonsulent (seniorkonsulent)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Studiekonsulent (seniorkonsulent)
Frist
22.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Studiekonsulent (seniorkonsulent)

Det humanistiske fakultet ønskjer velkomen søkjarar til eit ledig vikariat i 100% stilling som seniorkonsulent (studie- og eksamenskonsulent) i administrasjonen ved Institutt for framandspråk frå 1. april til 30. juni 2023. Hovudoppgåva i stillinga er å følgje opp engelskfaget. I stillinga ligg det òg oppgåver knytte til internasjonalisering ved instituttet.

Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben har kring seksti fast vitskapleg tilsette, om lag tjue stipendiatar og postdoktorarar og elleve administrativt tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg på www.uib.no/fremmedsprak.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i instituttadministrasjonen der administrasjonssjefen er dagleg leiar. Dei fleste stillingane i administrasjonen ved instituttet arbeider med studieadministrasjon, og studieleiar er arbeidsleiar for denne gruppa. Studiekonsulenten samarbeider nært med studieadministrativt tilsette ved instituttet og fakultetet.

Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på i tilsetjinga.


Arbeidsoppgåver:

Stillinga har ansvaret for å følgje opp engelskfaget studieadministrativt, og dette inkluderer m.a.:

  • Rettleiing, mottak og oppfølging av studentar
  • Fagutvikling og rådgjeving
  • Sekretær for programstyret på faget
  • Studieplanarbeid
  • Sakshandsaming
  • Studentrekruttering og informasjonsarbeid
  • Planlegging og gjennomføring av eksamen
  • Timeplanarbeid
  • Rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk
  • Internasjonalisering: m.a. opptak av internasjonale korttidsstudentar, nominering og rettleiing knytt til IF sine utvekslingsavtalar.

Det kan kome endringar i oppgåvene og nye arbeidsoppgåver. Alle i administrasjonen må dessutan rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som i utgangspunktet er lagde inn i stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Mastergrad (lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning)
  • Relevant praksis frå administrativt arbeid innan høgare utdanning, helst med studieadministrasjon
  • Effektivitet og orden.
  • Den som blir tilsett, må kunne takle periodar med høgt arbeidspress.
  • Instituttet treng ein medarbeidar som effektivt kan følgje opp arbeidsoppgåvene heilt fram til ferdig resultat.
  • Gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg
  • Evne til å uttrykkje seg godt på engelsk og norsk (inkludert skriftleg på engelsk, nynorsk og bokmål)
  • Motivasjon for stillinga og interesse for faga ved instituttet
  • Sjølvstende, fleksibilitet, gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363), med løn etter lønssteg 57- 62, for tida frå kr. 525 700 til kr 573 500,- brutto i året. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Du kan få vite meir om stillinga om du kontaktar studieleiar Deidre Smith på tlf. 55 58 39 69 eller e-post deirdre.smith@uib.no, eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV elektronisk via SØK STILLINGEN på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).

Søknadsfrist: 22. februar 2023.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Undervisning og pedagogikk / Veileder
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 289812442
Sist endret 2. feb. 2023 13:59

Rapporter annonse