Utløpt

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

 

Ved Eining for inntak Bufetet, region vest, avdeling Stavanger, er det ledig 1 fast 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar frå 01.05.23.
Hos oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.
Stillinga inneheld noko reiseverksemd innan eigen region og andre regionar. Sertifikat for bil er nødvendig.
Vi held til i Statens hus, Lagårdsveien 44 i Stavanger. Pr no er vi 19 tilsette i avdelinga.
Eining for inntak Bufetat, region vest skal formidle statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonal inntak for rus og atferdplasseringar (NABE). Eininga har avdelingar i Vestland og Stavanger.
 

Arbeidsoppgåver

Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • Ved forespurnad frå kommunen, skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsaker.
  • Du skal ta i mot og saksbehandle tilvisingar om institusjonstiltak  og spesialiserte fosterheimar frå kommunen.
  • Du skal gjere forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen sin tilvisning.
  • Du skal dokumentere alle delar av arbeidet.
  • Du skal sikre oppfølging av plasseringar i private barneverntiltak. 
  • Du skal delta i samarbeidsmøter med andre einingar, kommunar og andre instansar.

Kvalifikasjonar

Kva slags bakgrunn har du?

  • Krav til treårig utdanning fra universitet/høgskule på bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan barnevern/psykisk helse/annan vidareutdanning lik 60 studiepoeng.
  • Krav om erfaring fra barnevernarbeid, og det er ønskeleg med erfaring frå kommunal barnevernteneste.
  • Krav om kompetanse og erfaring om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet. 
  • Du har meget god skriftleg framstillingsevne og gode IKT-kunnskapar.

Personlege eigenskapr

Kven ser vi etter?

  • Du er sjølvstendig og trygg i di arbeidsutføring.
  • Du evnar å leie arbeidsprosessar og har høg grad av sjølvstende.
  • Du har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Du er initiativrik og løysingsorientert.
  • Du er ein lagspelar og har evne til å samarbeide.
  • Du er god til å bidra i kontinuerlege endrings-og betringsprosessar.
  • Du har godt humør og bidrar positivt i arbeidsmiljøet.
  • Du har sertifikat for bil.

    For oss er det også svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.

 

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, p.t. kr 534 900 - 636 700 pr. år (ltr. 58-68) eller 1364
    seniorrådgjevar, p.t. kr 593 500 - 677 000 pr.år (ltr. 64-71).
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til eining for inntak, avdeling Stavanger.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Om Bufetat


Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgave å drive etatens institusjonar og familievernkontor. I tillegg har
regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og deira familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar
dei bur i Noreg.


Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterar til Barne-, ungdoms- og
familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.


Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret liggr i Bergen.



Eining for inntak Bufetat, region vest skal formidle statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå
nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og Nasjonalt inntak for rus og atferdplasseringar (NIT). Eininga har avdelingar i Bergen og Stavanger,
med totalt 29,5 årsverk.

Sektor
Offentlig
Sted
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve Gjerde Nyborg
Telefon
46 61 94 45
Følg firma
4283 følger dette firmaet

Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 289764020
Sist endret 31. jan. 2023 16:57

Rapporter annonse