Utløpt

Stipendiat innan mat og helse

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Stipendiat innan mat og helse - knytt til prosjektet SMAK
Frist
15.03.2023
Ansettelsesform
Engasjement
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat innan mat og helse ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig ei 100% åremålsstilling som stipendiat innan mat og helse. Stipendiatstillinga er knytt opp mot prosjektet TASTE Didatics - Food and Critical Thinking også kalla SMAK. SMAK (TASTE), er eit forskingssamarbeid mellom HVL, campus Bergen og DPU, Aarhus Universitet, København. Prosjektet har som mål å la barn gjennom skulefaget mat og helse ta informerte og reflekterte matval basert på kritisk tenking.

Stillinga er tilknytt forskargruppa Mat og måltid i skole og barnehage (https://www.hvl.no/forsking/gruppe/mat-og-maltid-i-skule-og-barnehage/).

Matopplæringsaktivitetar i den vestlege verda har nesten utelukkande fokusert på rigide helsenormer og hegemonisk forståing av ernæring. Ein av konsekvensane av dette er at det er lite eller ingen plass igjen for barn til å reflektera over eigen matoppleving. Difor er det behov for å utdjupe vår kunnskap om og undervisning i smak som involverer både fysiologiske, psykiske og sosiale dimensjonar. Forskingsprosjektet vil skje i dialog med praksisfeltet, der datainnsamling vil skje både ute i ulike landskap og inne på undervisningskjøkken. For å undersøkje korleis smaksopplæring påverkar barn, vil prosjektet utvikle og implementere ein smaksdidaktikk som lar barn ta informerte og reflekterte matval basert på kritisk tenking. Prosjektet vil involvere faget mat og helse i Norge og Danmark.

Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskningsverksemd og for ph.d.-programmet "Danning og didaktiske praksisar".

Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/).

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptaktskrav for programmet HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/).

Samla stipendiatperiode er tre år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Bergen i tilsettingsperioden.

Det vil bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er ønskjeleg med tiltreding 01.09.2023.


Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år.

Som stipendiat vil du:

  • Delta saman med forskarar på prosjektplanlegging, kartlegging og implementering
  • Delta i både kvalitativ og kvantitativ datainnsamling i skulen
  • Delta i analyse av data
  • Publisere vitskaplege artiklar og annan type formidling
  • Delta på nasjonal mat- og helsekonferanse og internasjonal TASTE-konferanse

 

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at stipendiaten:

  • Bidreg konstruktivt inn i forskargruppa
  • Presenterer eigen forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskrifter.

 

Det vert forutsett at stipendiaten sitt prosjekt innrettast slik at stipendiaten kan bli teke opp på ph.d.-studiet.


Kvalifikasjonskrav:

Søkjar må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande innanfor relevant fagområde (for eksempel mat og helse, pedagogikk, skuleleiing, innovasjon eller mastergrad i folkehelsevitskap, samfunnsernæring eller tilsvarande). Søkjer må kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjande karakter:

  • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
  • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
  • Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 studiepoeng pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid

Arbeidsspråket ved Høgskulen på Vestlandet er norsk. Den som vert tilsett må beherska norsk eller anna skandinavisk språk, skriftleg og munnleg. Det krevst gode kunnskapar i engelsk, skriftleg og munnleg. 

Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar ved HVL og oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/p.hd/opptakskrav-danning-phd.pdf).

Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/). Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. SMAK sine samarbeidspartnarar i Danmark er aktuelle vertsinstitusjonar.

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit mogeleg prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa. 

Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-prgrammet "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

 

Ønska kvalifikasjonar:

Det er ønskjeleg at kandidaten har ein eller fleire av følgjande kvalifikasjonar:

  • Undervisningskompentanse i skulefaget mat og helse
  • Erfaring med planlegging og gjennomføring av kvalitativ og/eller kvantitativ forsking
  • Yrkeserfaring frå grunnopplæringa og/eller høgare utdanning og/eller formidlingsarbeid knytt til barn/unge
  • Tidlegare vitskapleg(e) publikasjon(ar) og/eller utviklingsarbeid relevant for skule og utdanning

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
  • Høgt etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillingen" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT (https://www.nokut.no/) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Prosjektleiar og førsteamanuensis Eli Kristin Aadland, tlf.: 916 01 556, e-post: eka@hvl.no

2) Instituttleiar Frode Fretland, tlf.: 57 67 63 78, e-post: frode.fretland@hvl.no


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 ansatte i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområdene i instituttet omfatter idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarlig for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.
 
Instituttet har ansvar for flere utdanninger på bachelornivå innen idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanninger i idrettsvitenskap, lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksiser. Instituttet gir også undervisning i fysisk forstring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærerutdanningen, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i de femårige grunnskolelærerutdanningene, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidrar også i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksiser. Instituttet har studietilbud for utenlandske studenter på alle tre campus, samt etter- og videreutdanningstilbud.

Ansatte på instituttet er involvert i forskning og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltar i faglige nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og en viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til videreutdanning og kompetanseutvikling i skole, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Følg firma
965 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 289751813
Sist endret 31. jan. 2023 15:18

Rapporter annonse