Utløpt

Har du lyst å vere med å sikre rettstryggleiken for innbyggjarane i Vestland?

Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Stillingstittel
Juristar til Leikanger og Bergen - ei fast stilling og eit årsvikariat
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga

Hjå Statsforvaltaren har vi ein stor og dyktig stab av juristar, og no treng vi to til. Vi søkjer fortrinnsvis etter juristar som har forvaltningserfaring innafor eitt eller fleire av saksfelta i seksjonen, t.d. plan- og bygningsrett og ekteskapslova.

Statsforvaltaren har mange og spennande rettsområde fordelt på seks avdelingar med ein brei oppgåveportefølje.

Dei to stillingane høyrer til kommunalavdelinga, som har 60 tilsette i fire seksjonar. Seksjonen justis og byggesak har ansvar for sakshandsaming, rettleiing om regelverk og tilsyn innanfor mange ulike rettsområde - som til dømes kommunalrett, forvaltningsrett, rettshjelpslova, domstolslova, offentleglova, plan- og bygningsrett og ekteskapslova. Sekretariatet for samordning av statleg tilsyn ligg også til seksjonen.

Det vil vere søkjarane sine kvalifikasjonar og preferansar som vil bestemme om stillingane vil bli knytt til Bergen eller Leikanger.


Arbeidsoppgåver

Vi vil sjå arbeidsoppgåvene for dei to stillingane i samanheng. Porteføljen vi tilbyr kan derfor tilpassast erfaringa di. Vi handsamar både klagesaker og saker i første instans, førebur saker til ulike klageinstansar, og legg administrativt til rette for Regjeringsadvokaten i saker som går til domstolen. I tillegg kan det vere aktuelt med oppgåver knytt til sekretariatsfunksjonen for samordning av tilsyn og oppfølging av forvaltningsrettsgruppa som er felles for embetet.


Kvalifikasjonar
  • Cand. Jur. / master i norsk rettsvitskap
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (begge målformer)

Det er ønskeleg med relevant erfaring frå forvaltninga eller bransje.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er

  • interessert i offentleg forvaltning
  • positiv og fleksibel
  • strukturert og sjølvstendig
  • nysgjerrig og trygg i samhandling med andre

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 530 000-650 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av:

  • seksjonsleiar Anne Kristin Kayser Eitungjerde, telefon 57643172, e-post: fmsfaka@statsforvalteren.no
  • fagdirektør Anne Kjersti Sande, telefon 55572374, e-post: fmhoaks@statsforvalteren.no

Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.

Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Flere arbeidssteder
  • 5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Rådgivning,
Saksbehandler
Følg firma
379 følger dette firmaet

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 289745281
Sist endret 31. jan. 2023 14:32

Rapporter annonse