Utløpt

Grafisk designar til 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Norway's best AS
Stillingstittel
Grafisk designar
Frist
17.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norway's best AS

Norway's best AS søkjer Grafisk Designar til 100% fast stilling.

Me styrkar vår digitale satsing og søkjer difor ein engasjert og kreativ grafisk designer. Ein solid forståelse av digital kommunikasjon, digital annonsering, design, presentasjonar og noko trykt materiale til marknadsoppgåver dannar grunnlaget for denne stillinga. Du vil få stor fridom i rolla og vere ein viktig bidragsytar i fleire av avdelinga sine prosjekt. Alt frå små kjappe leveransar til større prosjekt. Du vil ha sjølvstendige og faste oppgåver innan dine eigne ansvarsområde. Stillinga skal vere med å styrke og utvikle vår posisjon til å vere ein leiande aktør i vår bransje.

 

VI SØKER DEG SOM ER/HAR:

  • Kreativ, trivest å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Relevant utdanning innan grafisk design med nokre års arbeidserfaring
  • Svært gode kjennskap til Photoshop/XD, Illustrator, InDesign og/eller liknande verktøy
  • Kommuniserer tydeleg på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Kompetanse i og/eller interesse for digital marknadsføring
  • Er glad i norsk natur og likar å stå på ski?

 

ANSVARSOMRÅDE OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Fokus på merkevarebygging
  • Ansvar for å produsere grafisk materiale på tvers av kanalar og målgrupper og jobbe med visuell promotering av våre produkt.
  • Vere kontaktperson for nokre av selskapet sine samarbeidspartnarar/avdelingar
  • Dialog med samarbeidspartar og byrå
  • Til ei kvar tid utføre marknadsrelaterte arbeidsoppgåver
  • Bidra på lik linje med alle i avdelinga til å løyse sal og marknadsrelaterte oppgåver utover kjerneområde.
  • Bidra til å skape og dele relevant og verdifullt innhald i våre SoMe-kanalar for å tiltrekke og engasjere tydelege, definerte målgrupper, samt bidra til auka sal.

 

VI TILBYR:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode karrieremuligheter
  • Moglegheit til å jobbe med ein leiande aktør i ein spanande og framtidsretta bransje
  • Eit spanande og internasjonalt arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer og ei rolle i eitt av Noregs største reiselivskonsern

Høyrest dette spanande ut? Vi er ein kunnskapsrik gjeng i marknadsavdelinga som gler seg til å få ein ny kollega. Kanskje er det deg. 

Arbeidsstad: Flåm / Voss / Myrkdalen

Tiltreding: Etter avtale


Norway’s best AS har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til eit av dei største turistreisemåla i Noreg. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hjørundfjorden, Hardanger og Lofoten. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50% av Flåmsbana og 50% av The Fjords. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk med nettbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
5700 Voss
Bransje
Reise og turisme,
Markedsføring og annonsering,
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Design / Grafisk,
Markedsfører

Nøkkelord

Grafikk, Photoshop, Illustrator, Design, Digital Markedsføring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Even Hulleberg
Stillingstittel
Markedssjef
Telefon
99 60 76 39
Følg firma
104 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 289641850
Sist endret 7. feb. 2023 10:46

Rapporter annonse