Prosjektleiar vatn og avløp
- Arbeidsgiver
- Vang Kommune
- Stillingstittel
- Prosjektleiar vatn og avløp
- Frist
- 12.03.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiing, planlegging og administrasjon av VA-entreprisar, inkludert framdrifts- og økonomistyring.
- Kontraktsoppfølging. Handtering av eventuelle endringar, forseinkingar og overskridingar.
- Statusrapportering og sluttdokumentasjon. Informasjonshandtering og arkivering. Kontroll av anleggsutføring.
Kvalifikasjonar
- Relevant teknisk utdanning på master- eller bachelornivå, gjerne innan bygg og anlegg. Spesielt relevant erfaring kan kompensera for delar av utdanningskravet.
- Det blir lagt vekt på tilleggskompetanse innan økonomi og/eller prosjektleiing. Solid erfaring som prosjektleiar evt. byggjeleiar frå byggje- eller anleggsprosjekt, under dette:
a) Planlegging og framdriftsstyring av prosjekt.
b) Avtaleinngåing, kontraktshandtering og økonomisk avslutning av prosjekt.
c) Handtering av ein portefølje av fleire prosjekt samtidig.
d) Kjennskap til regelverket for offentlege anskaffingar - Kompetanse / erfaring med vatn og avløp er eit pluss.
- God kompetanse innan SHA og risikostyring. Erfaring frå kvalitetsarbeid er ønskjeleg.
- Gode relevante kunnskapar innan IT og erfaring i bruk av prosjektplanleggingsverktøy.
- God norskspråkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert, strukturert og sjølvstendig
- Du tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser nytten av å dele kompetanse på tvers av fagfelt
- Drivande og løysingsorientert med gjennomføringsevne.
Vi tilbyr
- Svært interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag.
- Tverrfagleg og profesjonelt miljø med hyggjelege kollegaer.
- Ryddig og fleksibel arbeidstid.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Konkurransedyktige vilkår for løn
Om arbeidsgiveren
Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
- Bransje
- Bygg og anlegg,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør / Vann- og miljøteknikk,
- Prosjektledelse
Nøkkelord
Vann, og, avløp,, VA,, prosjektledelse,
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Morten J Johansen
- Stillingstittel
- Kommunalsjef Landbruk og teknisk
- Telefon
- 97 62 25 24
- Kontaktperson
- Henrik Holen
- Stillingstittel
- Avdelingsingeniør Vatn og Avløp
- Telefon
- 46 85 76 97
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres