Utløpt

Vil du jobbe saman med det mest innovative næringslivet i regionen?

Arbeidsgiver
Aksello AS
Stillingstittel
Programansvarleg
Frist
17.02.2023
Ansettelsesform
Fast

I eit innovativt miljø får du utnytta ditt potensiale til å vere med og utvikle framtidas arbeidsplassar, i eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår.

Programaktiviteten i Aksello er det viktigaste verktøyet vi har for å hjelpe gründerar og bedrifter til å lukkast med forretningsutvikling. No er vi glade for å ha fått tilført auka virkemidlar for dei neste åra og vil derfor styrke teamet vårt.

For å kunne bistå gründerar og bedrifter med rett rådgjeving og rett finansiering i utvikling av nye berekraftige arbeidsplassar, er Aksello kvalifisert til å drive Inkubatorprogrammet og Næringshageprogrammet til Siva gjennom Vestland fylkeskommune. Som programansvarleg i Aksello vil du ha varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit innovativt og nyskapande miljø.

Du vil sikre koordinering av programaktiviteten slik at ein utviklar eit godt, samhandlande og nyskapande miljø der ideane, gründerane og bedriftene får utvikle seg og sine forretningsidear.

Saman med dei andre tilsette i Aksello og eit erfarent rådgjevarkorps vil du koordinere virkemidlane i programma slik at ein oppnår næringsutvikling og nyskaping. Dette innebærer mellom anna ansvaret for budsjettering og rapportering i etablerte system for programaktiviteten. Du vil saman med teamet i Aksello arrangere viktige møteplassar for gründerar og næringsliv der innovasjon og berekraftig utvikling vil stå sentralt.

Vi i Aksello er oppteken av å dele dei gode historiene frå alle dei flinke gründerane og næringslivet som nyttar vår hjelp, og set derfor stor pris på at du er godt kjent og trivast med å produsere, dele og oppdatere informasjon om aktivitetane og dei kjekke sakene som skjer i miljøet.

Vi er eit erfarent og godt team som gleda oss til å få deg med på laget vårt.

Stillingskriteria for programansvarleg

  • Du har relevant høgare utdanning, gjerne innan innovasjon og forretningsutvikling. Relevant erfaring kan vege opp for høgare utdanning.
  • Du har økonomiforståing, med god kjennskap til budsjettering og rapportering
  • Du kjenner til forretningsutviklings-prosessar
  • Du har lidenskap for innovasjon og næringsutvikling
  • Du har marknadskompetanse på tvers av bransjar og har evna til å skape tillit
  • Likar å halde presentasjonar for store og små forsamlingar
  • God på å rettleie og dele informasjon og kompetanse
  • Du synest det er kjekt å jobbe med kommunikasjon på digitale forum
  • Du likar å arrangere og legge til rette gode møteplassar og skape miljø
  • Du er løysingsorientert, ryddig og resultatorientert.
  • Du er ein lagspelar som er god på å jobbe i team, og trivast med variert oppgåver
  • Du er positiv og blid


Vi tilbyr:

Fagleg spanande og interessant arbeidsmiljø med moglegheit for kompetanseheving og vidare utvikling av deg og dine evner. Eit innovativt arbeidsmiljø der alle arbeider for morgondagens berekraftige løysingar.

Aksello har kontor på Peak i Florø og tilbyr eit oppblomstrande kontorfellesskap midt i sentrum med stort nettverk og innovativt miljø. Vi er i tillegg konkurransedyktig på løn og har gode pensjonsvilkår.

Om arbeidsgiveren

Vår visjon:
Aksello bidreg til å skape og sikre berekraftige arbeidsplasser gjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv.

Vår målsetting:
Aksello legg til rette for å utvikle berekraftige forretningsidear gjennom å vere prosjektleiar, rådgjevar og koplingsaktør for nyetableringar, eksisterande næringsliv og prosjekt i Vestland.

Gjennom Siva sine program og som Vestland fylkeskommune sin strategiske partner, jobbar Aksello for å tilrettelegge for nyetableringar og utvikling av eksisterande næringsliv.

Våre eigarar:
Siva, Kinn kommune, Equinor, Westcon, Fjord Base Holding AS, Flora Industri og næringsforening, Norwell, Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Privat
Sted
Strandgata 52, 6905 Florø
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap,
Annet
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Koordinering,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lone Bareksten
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
47 26 26 35
Følg firma
3 følger dette firmaet

Strandgata 52, 6905 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 289615031
Sist endret 13. mar. 2023 15:36

Rapporter annonse