Utløpt

Faglærar teknologi og industrifag

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Faglærar teknologi og industrifag
Frist
19.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Likar du å jobbe med ungdom, og er du oppteken av kunnskap og kompetanse?
Trivst du i eit tverrfaglig opplæringsmiljø?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Knarvik vidaregåande skule søkjer lærare til avdeling for Teknologi- og industrifag.  
Skulen har 170 tilsette som kvar dag legg tilrette for læring og vekst for alle våre 930 elevar. 

Arbeidsoppgåver

Planlegging og gjennomføring av undervisning på videregåande trinn 1 Teknologi- og industrifag og trinn 2 industriteknologi, både i klasserom og på verksted.
Gjennomføre undervisning i tråd med læreplanar i faga
Vurderingsarbeid
Tverrfaglig arbeid
Medvirke til pedagogisk utviklingsarbeid ved avdelinga
Kontaklærarfunksjon kan bli tillagt stillinga
Tett samarbeid med nærlingslivet for å skape gode opplæringsarenaer for elevane og trygg overgang til arbeidslivet

Kvalifikasjonar

Ønskeleg med utdanning som fagskule- eller høgskuleingeniør
Ønskeleg med fagbrev innan maskineringsfag
Ønskeleg med formell pedagogisk kompetanse
Vi ser gjerne at du har allsidig erfaring frå mekanisk industri.

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner, sjølvstendig med kjennskap til skole og undervisning. Kan utøve tydeleg klasseleiing og vere ein tydeleg vaksen

Ein må vere genuint oppteke av unge menneske og deira utvikling og læring

Vi tilbyr

Spennande jobb med kjekke elevar og gode kollegaer
Utfordrande oppgåver i eit utviklande arbeidsmiljø
Tett kollegasamarbeid
Tilrettelegging for vidareutdanning og pedagogisk utdanning

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

Lærar,, undervisning,, TIF,, TIP

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Rydland
Stillingstittel
rektor                        
Telefon
41 45 87 67
Kontaktperson
Rune Nesse
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
95 15 52 88
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 289595898
Sist endret 30. jan. 2023 11:13

Rapporter annonse