Utløpt

Vi søker etter ein familie som kan gje eit barn ein trygg kvardag og ein god oppvekst

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Fosterheim til heiltidsoppdrag for gutt i barneskulealder
Frist
06.02.2023
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om oppdraget

Samuel har hatt ein vanskeleg start på livet og treng to trygge og varme vaksne som kan gje han den omsorgen han treng. Kan de åpne hjartet og heimen for Samuel?

Bufetat, region vest søker i samarbeid med barneverntjenesten i Stavanger etter ein fosterheim til Samuel, ein gutt i barneskulealder. Han har budd i beredskapsheim over lengre tid og treng ein trygg og god heim.

Gutten har hatt ein vanskelig start på livet og har derfor sterke kjensleuttrykk. Vi ser etter varme og trygge vaksne som har særleg evne til å kunne se og forstå guttens kjensler og åtferd, og som kan hjelpe han med å handtere dette på ein god måte. De vaksne må ha tolmod til å utvikle ein trygg og god relasjon til barnet over tid, og må kunne følge han tett opp slik at han meistrer kvardagen. Barnet beskrivast som ein gut med god humor og som viser mykje omsorg for andre. ("Samuel" er brukt for å anonymisere gutten, og er ikkje hans rette navn.)

Fosterheimen må bestå av to voksne, og det er moglegheit for at begge frikjøpast frå sin vanlege jobb inntil to år.


Kva betyr det å vere ein fosterheim til heiltidsoppdrag?
  • Ein eller to vaksne må kunne vere heime i inntil to år med frikjøp frå sin vanlege jobb
  • Det er ein føremonn om du er fagutdanna innan helse- og sosialfag, har pedagogisk utdanning, eller har erfaring med barn og ungdom som har ekstra omsorgsbehov.
  • Kunnskap og erfaring med traumebevisst omsorg vil være ein føremonn.
  • Du/dykk bør være eit par, og det bør ikkje vere heimebuande barn yngre enn 15 år.
  • Du/dykk er innstilt på å samarbeide med barnet sine foreldre, barnverntenesta og andre offentlege instansar.

Slik er prosessen

Dersom dette høres ut som eit oppdrag for deg/dykk, bes det om å ta kontakt med rådgjevar i fosterheimstenesta på telefon 466 19 000. Vi vil saman vurdere om du/dykk kan og vil starte på opplærings- og godkjenningsprosessen for å bli fosterheim.

Hvis du/dykk vert godkjent som fosterheim for barnet vil barneverntenesta kunne tilby:

  • Oppfølging av en kontaktperson som er tilgjengeleg for barnet og deg/dykk.
  • Rettleiing av ein erfaren fosterheimsrettleiar, alltid ved innflytting og elles etter behov.
  • Interne kurs i regi av barneverntenesta.
  • Moglegheiter for avlastning.
  • Arbeidsgodtgjering som dekker tapt inntekt (inntil 6 G) for ein eller to vaksne.
  • Utgiftsdekning etter gjeldande satsar.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom
Følg firma
4283 følger dette firmaet

Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 289179293
Sist endret 27. jan. 2023 00:00

Rapporter annonse