Utløpt

PP-rådgjevar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
PP-rådgjevar
Frist
29.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal medverke til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk psykologiske tenester. Rettleiingstenesta Bergen sør har 2 ledige stillingar som PP-rådgjevarar. 

Arbeidsoppgåver

Vårt oppdrag er å drive komptanseheving og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for elevar med særskilte behov. Tilsette hos oss må difor kunne ta på seg oppdrag med rettleiing og kursverksemd. Vi er sakkunnig instans og skal sørgje for sakkunnig vurdering der lova krev det. Ulik utgreiingskompetanse er derfor ein føremon å ha. Oppgåver og arbeidsform krev stor grad av sjølvstende. 

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med søkjarar med følgjande utdanningsbakgrunn: Mastergrad med vekt på spesialpedagogikk/pedagogikk, profesjonsstudiet i psykologi eller mastergrad i psykologi, spesialist i pedagogisk psykologisk rådgjeving.

Det er i tillegg ønskjeleg med:

  • relevant arbeidserfaring
  • kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • erfaring frå arbeid med ungdom
  • god kjennskap til opplæringssektoren og spesialpedagogikk som fagområde

Søkjarar utan mastergrad vil bli tilsett i anna stillingsnemning.
Det er ønskjeleg med førarkort klasse B.  

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein medarbeidar som er sjølvstendig, strukturert, løysingsorientert og trygg på segsjølv. Som tilsett i rettleiingstenesta arbeider ein i nær kontakt med ungdomog samarbeidspartnarar, slik at fleksibilitet og evne til relasjonsbygging er viktige føresetnader. 

Vi tilbyr

Vi kan tilby eit spanande og breitt fleirfagleg fellesskap som saman løyser oppgåvene. Det blir lagt til rette for vidareutvikling av fagkompetanse både i tenesta sitt profesjonsfellesskap og gjennom etter- og vidareutdanningar.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysingar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført  på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Den som skal tilsetjast må leggje fram godkjent politiattest. 

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog,
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Pedagogisk, psykologisk, rådgjevar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Dagfinn Brekke
Stillingstittel
konst. leiar         
Telefon
99 63 83 82
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun

Annonseinformasjon

FINN-kode 289123813
Sist endret 26. jan. 2023 15:17

Rapporter annonse