Utløpt

Ønsker du å jobbe med fiskehelse/fiskevelferd?

Arbeidsgiver
Mattilsynet
Stillingstittel
Veterinær/fiskehelsebiolog
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mattilsynet

Dersom du brenn for å betre fiskehelsa og fiskevelferda langs kysten er Mattilsynet plassen for deg. Hos oss vil du vere med på å betre fiskevelferda for fleire hundre millionar laks om gangen. Denne jobben krev stor innsats og ikkje reint lite pågangsmot i ei langsiktig satsing. Den utfordringa er vi klare til å ta, og vi håpar du har lyst til å vere med. 

Hos oss vil du jobbe med eit breitt utval fagekspertar, i og utanfor Mattilsynets organisasjon, som alle har eit sterkt engasjement for dyrevelferd generelt, og fiskevelferd spesielt. Du vil også jobbe med ekspertar på jus og forvaltning. 

Fiskevelferd er eit fagområde som ikkje har nådd langt nok. Det er ei felles forståing av at tilstanden er for dårleg i dag, og du deler kanskje denne oppfatninga? Vi jobbar ikkje berre med forvaltning, men også med utvikling av regelverket. Det gjer vi i dialog med dyreeigarar, næringsorganisasjonar og offentlege instansar. Hos oss vil du kunne bidra positivt med din kompetanse. 

Du vil få ein variert arbeidskvardag, jobbe både på kontor og ute i felt og forhalde deg til eit omfattande regelverk. Sjølv om nokre saker kan vere like på mange vis, er ingen av dei helt like. 

Kva ventar du på? Søk på stillinga og bli ein del av vår nye avdeling Akvakultur i region Sør og Vest. Me er 20 tilsette i avdelingen og det vil vera mogleg med kontorstad på Stord, i Bergen, Aksdal, Voss eller Norheimsund.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre inspeksjonar, revisjonar, prøvetaking og saksbehandling i havbruksnæringa 
  • Jobbe med førebygging og rettleiing
  • Bidra til å utvikle måtane vi jobber på i dag – slik at vi jobbar endå meir målretta og kunnskapsbasert 

Kvalifikasjonar

  • Du må vere veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon 
  • Vi ønsker at du har relevant arbeidserfaring, til dømes frå havbruksnæringa eller offentleg forvaltning
  • Sidan du skal kommunisere med næringa om dels vanskelege tema, er det viktig at du har god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du har evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar
  • Du må ha førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du forstår rolla di godt, og evnar difor å gjere gode og forholdsmessige vurderingar i forvaltninga av regelverket 
  • Du må klare å kombinere samarbeid internt og på tvers av fagområder og å greie å jobbe sjølvstendig
  • Du må vere god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, òg å finne løysingar
  • Du må kunne takla ein hektisk kvardag og vere god til å prioritere oppgåver
  • I ein variert kvardag må du både kunne planlegge godt, men også kunne tilpasse deg endringar 

Om du er personleg skikka og korleis du vil passe inn i teamet er ein viktig del av vurderinga vår, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget vårt. 

Vi tilbyr

  • Eit fagleg sterkt fellesskap som har eit stort engasjement for betre dyrevelferd 
  • Utvikle din kompetanse på ulike fagområde og i forvaltningsrolla 
  • Stillinga er løna som førsteinspektør (st. kode 1498) frå kr. 580 000, eller som seniorinspektør (st. kode 1499), med høgare løn avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. 
  • Gunstige pensjons- og lånevilkår gjennom Statens Pensjonskasse 

Kva ventar du på?
Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.              
Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.
Ver venleg å oppgje referansar i søknaden.

Om arbeidsgiveren

I Mattilsynet jobbar vi for at maten skal vere trygg og dyra skal ha det godt. Vi er 1250 fagfolk med tverrfagleg kompetanse på tvers av mange fag, som til dømes veterinærfaget, fiskehelse, næringsmiddel, plantehelse, jus og forvaltning. I tillegg til hovudkontoret har vi fem regionar, og er til stades i heile landet. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no. 


Inkludering og mangfald er ein styrke for
Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse,
fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgvene på
ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller
innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søker jobb
hjå oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar i kvar gruppe til intervju.
Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi brukar
berre avkryssingane til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert
statistikk.

Sektor
Offentlig
Sted
Rundehaugen 17, 5412 Stord
Flere arbeidssteder
  • 5006 Bergen
  • 5600 Norheimsund
  • 5705 Voss
  • 5570 Aksdal
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Biolog,
Veterinær og dyrepleier

Nøkkelord

fiskehelse,, fiskevelferd,, Stord,, Bergen,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Håvard Hustoft
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
47 30 57 10
Følg firma
1281 følger dette firmaet

Rundehaugen 17, 5412 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 289119151
Sist endret 26. jan. 2023 14:56

Rapporter annonse