Utløpt

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
09.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer deg som er en påliteleg, positiv, engasjert og arbeidsom kollega! 

Vi har no ledige vikariat. Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingsprosentar. 

Seksjonen omfattar forskjellige typar fagområder; mellom anna ortopedi, urologi, ØNH og auge. Sidan avdelinga omfattar forskjellige fagområder, vil du som sjukepleiar oppleve at det er lærerikt  å jobbe her, samstundes som det vil ta tid før ein vert utlært.

Vi på kirurgen B er ein inkluderande gjeng med engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar som brenn for faget sitt. I tillegg til sjukepleiarstaben har vi også eit særskilt  godt samarbeid med legane innad i avdelinga. Fag og kvalitet er nøkkelord, og dette er verdiar vi streva å jobbe etter i ein hektisk kvardag. Samstundes er eit godt arbeidsmiljø og ei positiv innstilling viktig for trivsel på jobb.

Om dette høyrast ut som ein arbeidsplass du har lyst å jobbe på, søk då vel!

Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver

  • Primærsjukepleie med heilskapleg ansvar for pasientforløp
  • Arbeide i tverrfagleg team, både med forskjellige legegrupper, fysioterapeutar, ernæringsfysiolog, farmasøyt og palliativt team
  • Sørgje for iverksetjing og utføring av tiltak knytt til kvar enkelt pasient
  • Turnus som fordelast på dag, kveld og natt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg godt
  • Erfaring og kompetanse vil verte vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg og lojal mot arbeidsplassen
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fagleg engasjert og pasientorientert
  • Du har evne til å arbeide sjøvstendig i ein hektisk kvardag
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har interesse for ortopedi og urologi då dei fleste av pasientane våre er innan desse fagområda

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Fleksiturnus/ønsketurnus

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Parkveien 84, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

sykepleier, kirurgi, vikariat, molde

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solveig Beathe Frostad Solberg
Stillingstittel
Konst. seksjonsleiar
Telefon
48 00 79 76
Følg firma
208 følger dette firmaet

Parkveien 84, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 289115905
Sist endret 26. jan. 2023 14:11

Rapporter annonse