Utløpt

100% vikariat som helsefagarbeidar ved Rus og psykisk helse avdeling Jondal, bufellesskapet Vik

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Stillingstittel
100% vikariat som helsefagarbeidar ved Rus og psykisk helse avdeling Jondal, bufellesskapet Vik
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus og Psykisk helse. Me tilbyr tenester til personar over 18 år med psykiske plager/lidingar og/eller rusmiddelavhengigheit.

Tenesteområdet har engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver, og fokus på å finna dei beste løysingane i lag med den einskilde brukar.


Bufellessskapet Vik er organisert under rus og psykisk helse si avdeling i Jondal, og er eit døgnbemanna bufellesskap med 6 bueiningar for personar med langvarig psykisk lidelse. Her arbeider ein flott gjeng samansett av helsefagarbeidarar, fagarbeidarar, assistentar og sjukepleiarar. Me er opptatt av å tilby god kvalitet til brukarane våre og legg vekt på fagutvikling, deling av kunnskap, og kontinuerleg forbetring av tenestene.


Ved Rus og Psykisk helse avdeling Jondal har me ledig desse stillingane:


Helsefagarbeidar 100 % vikariat frå 01.03.23

Rus og Psykisk helse har ledig ein 100 % vikariat helsefagarbeidarstilling i turnus på natt ved vår avdeling i Jondal. Arbeidet er i utgangspunktet knytt til Bufellesskapet Vik.


Helgestillingar mellom 14 % - 28 % ved Bufelleskapet i VIk

Med arbeid kvar 2.,3. eller 4. helg, på dag/kveld, og/eller sovande natt.


Felles for stillingane:

Hovudoppgåver:

  • Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal, profil
  • Legemiddelhåndtering
  • Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane
  • Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik
  • Medverke til godt arbeidsmiljø


Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar (andre med relevant erfaring kan òg søke)
  • Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg
  • Førarkort klasse B er ein fordel
  • Du må leggje fram gyldig politiattest


Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og engasjert
  • Godt humør og positiv innstilling
  • God samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til god kommunikasjon, vere reflektert og å kunna skapa gode relasjonar til brukarane og pårørande
  • Evne til å behalde ro i utfordrande situasjonar
  • Evne til å tenkje nytt og å vere kreativ
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt


Me tilbyr:

  • Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer
  • Internundervisning og fagleg påfyll
  • Fadderordning for nytilsette
  • Spennande og utfordrande arbeid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar


Lønnsvilkår:

  • Etter HTA


Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøva Sæbø
Stillingstittel
Verksemdsleiar
Mobil
97 55 85 39
Kontaktperson
Synnøve Eiken
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Mobil
90 36 89 01
Følg firma
77 følger dette firmaet

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 289106181
Sist endret 9. mar. 2023 13:48

Rapporter annonse