Utløpt

Fast helgestilling for sjukepleiar/ vernepleiar/ helsefagarbeidar/ assistent

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fast helgestilling ved Øyane DPS allmennpsykiatrisk døgnseksjon
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi søker nye, flinke medarbeidarar! 

Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus.

Vi held til på Sotra, ca 15-20 minutt frå Bergen.

Allmenn døgnseksjon har 10 sengeplassar og er ein open seksjon som primært tilbyr korttidsbehandling, og er ledd i ein behandlingskjede for menneske med allmennpsykiatriske lidingar. Vi mottar pasientar frå fastlege, AAT, Psykiatrisk klinikk, mottakspost PAM og somatiske avdelingar på Haukeland sjukehus. Allmenndøgn har tett samarbeid med allmennpoliklinikken og AAT.

Det er ønskeleg at du har erfaring frå døgnpost og at du likar å ha ein variert arbeidskvardag. Vi ønsker at du er løysingsorientert, samarbeidsvillig og at du kan bidra positivt inn i eit godt arbeidsmiljø. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. 

Vi oppfordrar også studentar/assistentar til å søke. 

For tida har vi 2 ledige stillingar med arbeid p.t. kvar 3. helg på 19% og 18,60%

Arbeidsoppgåver

  • Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar)
  • Planlegge og iverksette behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar)
  • Bygge relasjonar til pasientane
  • Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø
  • Praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
  • Det blir lagt vekt på personleg egnethet
  • Studentar/assistentar blir også oppfordra til å søke
  • Søkarar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi ønsker medarbeidarar som:

  • har respekt for kvar enkelt pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur og samtidig evne til å vere fleksibel
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evne til å ivareta og handtere engstelege pasientar samt evner til å førebygge konfliktar og aggresjon
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • ønsker og evner å ta i mot rettleiing

Vi tilbyr

  • Eit dynamisk miljø med mange læresituasjonar og moglegheit for personleg og fagleg vekst
  • Kursing i MAP - møte med aggresjonsproblematikk
  • Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA bedrift)

 

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Blombakkane 75, Straume, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

helgestilling,, fast,, Øyane, DPS,, allmennpsykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nordvik, Øyvind
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
56 32 66 19
Kontaktperson
Pedersen, Per-Christian Tang
Stillingstittel
Assisterande Seksjonsleiar
Telefon
56 32 66 33
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Blombakkane 75, Straume, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 289097202
Sist endret 26. jan. 2023 11:31

Rapporter annonse