
Inaktiv
Er du vår nye rådgjevar for bedriftsmarknaden?
Voss Sparebank
- Frist 13.2.2023
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar for bedriftskundar i Voss Sparebank
Er du vår nye rådgjevar for bedriftsmarknaden?
No har du ein sjeldan sjanse til å få jobb i Voss Sparebank som bedriftsrådgjevar i 100 % fast stilling. Me ser etter deg som ynskjer å gje bedriftskundane våre god rådgjeving og oppfylgjing og som kjenner lokalmarknaden vår.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Utarbeida gode analysar for bruk i kredittprosessen.
- Bruka eigen fagkompetanse til å tilby gode skreddarsydde løysingar som gjev meirverdi for kundane.
- Ansvar for eigen kundeportefølgje og utvikling av denne. Mykje kundekontakt, både på telefon, e-post, video og fysiske møter.
- Strukturert oppfylgjing og rådgjeving til eksisterande kundeportefølgje på Voss, samt proaktivt arbeid mot nye kundar.
Kvalifikasjonar:
- Du har gjerne arbeidsrøynsle frå bank, evt. annan finansinstitusjon, eller rekneskapsarbeid.
- Du har høgskuleutdanning innan økonomi.
- Du arbeider ryddig, nøyaktig og systematisk.
- Du har god skriftleg framstillingsevne, og skriv godt nynorsk.
- Du kan kommunisera enkelt med kunden om kompliserte tema, og gje gode råd.
- Det er eit pluss om du har autorisasjonar frå FinAut. Om du ikkje har det, må du vera motivert for å gjennomføra autorisasjon i kreditt.
Personlege eigenskapar me legg vekt på:
- Du er personleg og hjelpsam i dialogen med kundane våre.
- Du lærer fort og tek i bruk nye prosessar og digitale løysingar.
- Du har godt humør og er ein god kollega.
- Du har pågangsmot og er løysingsorientert.
Kvifor søkje jobb i Voss Sparebank?
- Du vert ein del av eit kompetent team på tre personar, der me har tru på å inspirera kvarandre og spela kvarandre gode.
- Du får spanande arbeidsdagar med ulike utfordringar.
- Me har kontor i ljose og moderne lokale på Vangen.
- Me har konkurransedyktige vilkår for løn, pensjon, forsikring og funksjonærlån.
- Me har bedriftsidrettslag og treningsrom.
Spørsmål
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
- Leiar bedriftsmarknad Kurt Arild Midtun, tlf. 479 30 327
- Adm. banksjef Jørund Rong, tlf. 479 30 335
Frist
Søknadsfristen er 13.02.2023
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Voss Sparebank er ein sjølvstendig og lokal sparebank i Voss Herad, midt i smørauga av eit rikt kultur- og idrottsliv med lange tradisjonar.
Me støttar opp om lagslivet i bygda.
Me støttar opp om lagslivet i bygda.
- Sektor: Privat
- Sted: Vangsgata 18, 5700 Voss
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Løsningssalg, Rådgivning, Saksbehandler
Nøkkelord
Økonomi, Friluftsliv, Kultur, Pensjonsordning, Nynorsk
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 289007565
- Sist endret


