Utløpt

Bioingeniør

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
06.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei fire sjukehusa i føretaket. Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank Molde har 38 stillingar med omlag 45 tilsette. Seksjonen består av fagområda preanalyse/urin, hematologi/koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, ANA/allergener/protein og blodbank/transfusjonsmedisin.
SNR, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, skal etter planen stå klart i 2025. Det vil vere eit pågåande OU-arbeid i samband med planlegging og bygging av nytt laboratorium ved SNR.

Vi har dyktige kollegaer som går av med pensjon og difor har vi ledig 2 faste stillingar for bioingeniør ved Medisinsk biokjemi og blodbank Molde.
Ei av stillingane med oppstart snarast, den andre frå 01.06.2023.

Vi ønskjer oss nettopp deg, som elskar bioingeniørfaget og ivrar etter å vere ei viktig brikke i spesialisthelsetenesta.
Ved Medisinsk biokjemi og blodbank Molde får du jobbe på ein arbeidsplass der du får brei erfaring innan medisinsk biokjemi. Du jobbar sjølvstendig og i team. Du får moglegheita til å jobbe med moderne analyseinstrument og er tett på pasientane. Bioingeniørane deltek i tredelt turnus og er i sentrum der det skjer!

Vi ber om at vitnemål og attestar/tenestebevis blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • Analysearbeid innan medisinsk biokjemi og blodbank.
  • Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse.
  • Tapping av blodgjevarar og produksjon av blodprodukt.
  • Tredelt turnusarbeid. Vi tilpassar turnus individuelt.
  • Medvirke til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Det blir lagt vekt på relevant praksis
  • Må mestre norsk språk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig
  • Endringsvillig
  • Løysingsorientert
  • Vere ein god lagspelar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør

Nøkkelord

Bioingeniør;, fast;, Molde;, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Katrine Rindarøy
Stillingstittel
Konst. seksjonleiar
Telefon
91 36 48 51
Følg firma
209 følger dette firmaet

Parkvegen 84, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 289004772
Sist endret 25. jan. 2023 14:24

Rapporter annonse